Fikk nesten sjokk no når eg kika innom bloggen og såg kor lenge det var sidan eg sist hadde oppdatert den. Trudde ikkje det var sooo lenge sia.... Jaja, eg skal skjerpe meg! Tida går so utrulig fort med tre småtroll i hus :) Mykje som skjer heile tida. Julie har variert litt i sovemønster og, so det har ikkje vore kvar dag eg har vore like utkvilt for å seie det sånn. Merkar at ho er ei litt meir aktiv frøken enn dei to andre var. Ho her vil opp og fram for å seie det slik, ho vil ikkje ligge i ro og vere baby :) Ho rulla allerede då ho var sju veker, og sidan den gong ligg ho aldri i ro. Men ho er stort sett ei blid og fornøgd lita trulte, god som gull <3
I september hadde verdens beste Emma bursdag, ho blei 3 år, og vi fekk kome i Hovdebygda å feire!
Geir har vore på fleire utanlandsturar i jobbsamanheng dei siste månadane so han var ikkje med oss. Han var i Romania i staden.
Gullejenta!
Linn Victoria ville holde Julie for fyrste gong, so det var veldig kjekt.
Farmor hadde også bursdag i september, so det blei litt feiring av ho og. Det er mange september bursdaga i fam. Berge.
Farfar og Julie
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar