1.november blei eg tante til ein liten, herlig gut :) Han kom 20 dagar før termin, frisk og rask :) Namnet er fortsatt ikkje bestemt. Eg må gratulere Aud Elin og Knut Ove! I helga har vi derfor vore i Honndalen for å beundre sjarmøren. Ingrid og Henrik syns det er stor stas med eit nytt syskenbarn. Ekstra kjekt er det for Henrik sidan dette er det fyrste gute-syskenbarnet.
Vi fekk også besøkt Unni og Frode, og beundra deira gut. Han og hadde det travelt, og kom 3 veker før termin. Uten namn enda han og. Kjekt å få sjå guten, og treffe både Unni, Anne Marte og Helga Renate igjen. Blir i grunn alt for sjelden....
Vi har det elles berre bra her oppe. Eg, Ingrid og Henrik hostar litt enda, men vi er på bedringens veg. Eg har gjort ferdig kontaktmøtene mine denne veka, so det har vore litt lange dagar. Heldigvis har eg kjekke både elevar og foreldre.Grett å vere ferdig er det uansett :)
Torsdag hadde Ingrid besøk av to venninner frå barnehagen, og Henrik hadde med ein kompis heim. Då er det stas med stoooor bil og Sabeltann på full guffe :)
Ha ei flott veke folkens!:) Vi gler oss til laurdag, då skal vi på Klypa-show og middag etterpå. Herlig, herlig!