søndag 31. januar 2010

Skitur i Engesetdalen

Gjengen på plass i Engesetdalen. Stormkjøkkenet blei prøvd ut for fyrste gong. Vi kosa oss med kakao og pølser med brød. Ganske so idyllisk!
Sjefen sjølv ;)
Søndag var det ti minus med oss og vi fann ut at det var litt for kaldt til å gå på ski. Vi var i staden berre ute å rann litt på rattkjelke ned veien med oss. Kakao hadde vi likevel ;)

onsdag 27. januar 2010

Jenny Mari og Anna Othile på besøk

Denne helga blei Karl Idar 30 år, og det kunne vi ikkje gå glipp av. Vi hyra inn ungjenter (Jenny Mari er fadderbarnet mitt, og dattera til søskenbarnet mitt) frå Honndalen til å vere med oss frå fredag til søndag. På den måten ville dei bli godt kjent med ungane til vi skulle vere vekk laurdagskveld. Det holdt nesten på å gå gale då Henrik blei sjuk torsdag, men heldigvis blei han fort frisk og vi fekk reise i selskap. Ungane syns det var kjempe stas med besøk!
Bursdagsfeiringa var kjempe artig, so vi er veldig glade for at vi fekk vere med på den :)
Det er flott å bu i enden av en veg når det e so bra akeføre i veien. Vi er ofte å renne der. Her e det Jenny Mari og Henrik, og Anna Othilie og Ingrid som er i farta. Her leika dei frisør.

tirsdag 19. januar 2010

Januar og Ola-besten har bursdag!

Her en søndag eg og Geir ville sjå avslutninga på Tour de Ski fann vi på noke lurt. Vi laga til tv-krok med Postmann Pat nede på rommet til Henrik. Dette var stor suksess og vi fekk sjå TV i ro og fred ;) I helga var vi i H.dalen å feira bursdagen til Ola-besten (pluss at vi henta litt julegåver som vi ikkje hadde plass til opp igjen etter jul). Veret var flott og vi tok oss en tur på hytta. Ingrid prøvde skia for fyrste gong denne sesongen, og jammen var ho blitt enda flinkare enn i fjor.
Henrik blei dradd på rattkjelken. På nedigjen turen sat både Ingrid og Henrik på kjelken, og dei lo og kosa seg.
Nydelig utsikt frå sætra.
Devold ullkle og ny kontorstol var gåva frå oss, Knut Ove/Aud Elin og Atle/Silje.
Og pappkassa var gåva te ungane; den blei både til TV og kiosk :)
Henrik fann solbrilla til Ingrid. Har dåkke sett kulare fyr?!!

lørdag 9. januar 2010

SNØ!!

Det er skikkelig flott vinter med oss no. Vi har mykje snø og det er kaldt. Enkelte dagar er det litt for kaldt spørr du meg, men vi kan ikkje klage på so nydelig vinterver. Vi har vore en del ute å rent akebrett og leika i snøen. Ellers har vi kosa oss foran ovnen inne. Henrik har begynt å fatte interesse for TV-en, og vil sjå Postmann Pat støtt og stadig. Vi merkar at ungane blir litt meir sletne etter all leikinga i barnehagen, dei vil ha meir rolige aktivitar når dei kjem heim. Ingrid har hatt med akebrett i barnehagen kvar dag, so ho har rent ekstra mykje. På grunn av kulden og den store snømengda har ikkje Henrik vore særlig ute i barnehagen. Ingrid har forresten slutta med nattbleie og no. Vore tørr ei stund, og no slutta vi. Har gått heilt fint. Store jente!
Vi har også vore so galne at vi har bestilt tur til Thailand til sommaren!!! Eg har vel drømt om det i fleire år, og no fann vi ut at det var på tide å kome seg avgårde. Mamma og pappa har vi og lokka med :) Blir rett og slett herlig!!!
Her kjem litt bilder tatt på nyåret.....
Vinterbesøk med Nina og Karl Idar. Ungane leika veldig fint ilag, og vi vaksne fekk slappe av og prate ilag. Vi ser ikkje kvarandre like ofte no som når vi omtrent budde ilag i Ratvika, so kjekt at vi får til besøk inn i mellom vertfall.
:)
Geir hjalp Rune med nokre få veggplater på søndag, so då leika ungane med Amalie imens.
Ingrid er ei flink "mamma" for dukkene.
Geir laga snøhole :)
Naboen kom ut å laga snømann. Stilig, stilig!

fredag 1. januar 2010

God nytt år kjære venner og familie!

Vi reiste oppatt til oss sjølve 6.dag, og det var i grunn deilig å kome heim igjen.
Nyttårsafta feira vi for oss sjølv for fyrste gong. Det var koselig, og maten blei heilt vellykka :)
Denne gongen begynner eg med slutten fyrst. Ingrid streva med å holde seg oppe til klokka tolv. Ho hadde ikkje sove middag, og klokka kvart på elleve måtte ho gje tapt å stovegolvet. Men før ungane sovna var vi ute å skaut opp litt raketta og hadde stjerneskudd.
Go`gutane!
Herlig, herlig!
1.nyttårsdag kom gjengen frå Hovdebygda. Veret var flott, og vi var ute og rann på akebrett.
Med dette vil vi ønske alle våre kjære venna og familie et riktig godt nytt år! 2009 var et artig år, og 2010 blir heilt sikkert like bra! Sånn e det når en har slike fantastiske venna og gode familier!:)

Romjula

1.juledag var vi på brunsj med Knut Ove og Aud Elin. Nydelig! "Å du som metter liten fugl..."
2.dag gikk vi på hytta. Henrik fekk seg rattkjelke til jul, so både han og Ingrid blei dregne opp. På hytta drakk vi kakao og åt sjokolade før det blei so kaldt at vi ville ned igjen. Då fekk vi merke at den nye kjelken gikk absolutt fortast, for då rann Henrik og Geir forbi pappa som rann på ski, og dei slapp å stoppe for å gje fart. Eg derimot måtte av kjelken og drage Ingrid et stykke. Vi kom sist ned igjen, men like blide :)
3.dag var vi på juletrefest på Fiskå. Her er Ingrid og Eva. Kjekt å møte søskenbarna igjen. Og jammen kom nissen der og.
Farfaren køyrde oss opp på Brauta med traktor slik at vi fekk renne ned igjen. Elisabeth er fotograf, ho og rann ilag med oss.
5.dag var vi i juleselskap til "gamletante Sigrunn". Då sto det laks og riskrem og rips på menyen :) Sigrunn og Ingrid er so glad i det sure, so dei kosa seg ekstra med ripsen.
Mathilde i nystrikka sett! Stilig!

Julekvelden på Rygg farm

Julafta var ein flott dag. Det starta med at ungane sjekka om smånissane hadde vore å putta noke i strømpene deira på natta. Og jammen det! Der var både leika, kle og godteri! Etterpå var vi en liten tur fram til Jorunn Anne (søskenbarnet mitt) og co, før vi såg en del disney og leika. Her er heile familien Rygg samla til julemiddag. I tillegg er avløysaren Jonny innom å ete med oss før han skal i fjøsen. Pinnekjøttet smakte like nydelig som alltid heime med ne mor :)
Litt posering må til! Nydelig snuppe!
Ingrid og Henrik brukte tida mellom middag og pakkeopning på å springe omkapp i gongen. Artig, artig!
Søte guten vår!
Plutselig kom nissen! Ingrid hadde då sunge På låven sitter nissen fleire gonga for å lokke på na. Han hadde også fått graut ut på låven, so det skulle berre mangle at han ikkje tok seg en tur syns vi.
I år var det ingen som var redde nissen. Litt småskeptiske kanskje, men ingen skreik, og begge takka opp i handa når pakkane var utdelt. Ingrid sa her en dag før jul at "pappa får kje pakka med nissen, for han e kje snill nok", og jammen fekk ho rett. Verken mora eller faren hadde vore snille nok til å få noke med nissen...... Heldigvis fikk vi litt pakka seinare so vi ikkje gikk heilt tomhente ;)Ingrid var pakkeutdelar og fikk hjelp til å lese opp lappane av besten. Henrik er pappagut :) Her sete dei klar for enda meir pakka!
Når pakkane var ferdig utdelt etter 2 kjekke timar var det tid for å teste dei ut. Både vi og ungane fekk utrulig mykje fint. Her testar Henrik bondegården som han fekk med farmor og farfar.
Og Ingrid litt av dukkeleikane ho fekk av besta og besten. Når ho fekk denne sa ho "Ååhhh! Sånn har eg ønskt meg soooo lenge! Den e so lekker!!"
Ho e skikkelig festlig for tida. Skravla og fantasera og kjem med dei festligaste utbrudd. Ho lika veldig godt å leike familie, butikk, sjukehus eller bonde og dyrlege for tida.
Ungane holdt koken til rundt klokka ti. Då var dei noke utsletne, men som ho Ingrid sa i senga før ho sovna: "Det har vore ei kjempe, kjempe fin julafta!":)