fredag 1. januar 2010

Julekvelden på Rygg farm

Julafta var ein flott dag. Det starta med at ungane sjekka om smånissane hadde vore å putta noke i strømpene deira på natta. Og jammen det! Der var både leika, kle og godteri! Etterpå var vi en liten tur fram til Jorunn Anne (søskenbarnet mitt) og co, før vi såg en del disney og leika. Her er heile familien Rygg samla til julemiddag. I tillegg er avløysaren Jonny innom å ete med oss før han skal i fjøsen. Pinnekjøttet smakte like nydelig som alltid heime med ne mor :)
Litt posering må til! Nydelig snuppe!
Ingrid og Henrik brukte tida mellom middag og pakkeopning på å springe omkapp i gongen. Artig, artig!
Søte guten vår!
Plutselig kom nissen! Ingrid hadde då sunge På låven sitter nissen fleire gonga for å lokke på na. Han hadde også fått graut ut på låven, so det skulle berre mangle at han ikkje tok seg en tur syns vi.
I år var det ingen som var redde nissen. Litt småskeptiske kanskje, men ingen skreik, og begge takka opp i handa når pakkane var utdelt. Ingrid sa her en dag før jul at "pappa får kje pakka med nissen, for han e kje snill nok", og jammen fekk ho rett. Verken mora eller faren hadde vore snille nok til å få noke med nissen...... Heldigvis fikk vi litt pakka seinare so vi ikkje gikk heilt tomhente ;)Ingrid var pakkeutdelar og fikk hjelp til å lese opp lappane av besten. Henrik er pappagut :) Her sete dei klar for enda meir pakka!
Når pakkane var ferdig utdelt etter 2 kjekke timar var det tid for å teste dei ut. Både vi og ungane fekk utrulig mykje fint. Her testar Henrik bondegården som han fekk med farmor og farfar.
Og Ingrid litt av dukkeleikane ho fekk av besta og besten. Når ho fekk denne sa ho "Ååhhh! Sånn har eg ønskt meg soooo lenge! Den e so lekker!!"
Ho e skikkelig festlig for tida. Skravla og fantasera og kjem med dei festligaste utbrudd. Ho lika veldig godt å leike familie, butikk, sjukehus eller bonde og dyrlege for tida.
Ungane holdt koken til rundt klokka ti. Då var dei noke utsletne, men som ho Ingrid sa i senga før ho sovna: "Det har vore ei kjempe, kjempe fin julafta!":)

2 kommentarer:

Laila Kristin sa...

Masse fine bilde og to herlege gull dokke he!

Randi G sa...

Kjempekjekt å sjå bildene dine og lese bloggen! Og takk for kosli julekort! Ungane ha blitt so store! Tida går so altfor fort! Håpe vi treffast snart!