søndag 26. juni 2011

Storsjarmøren vår blei 3 år!

24.juni blei godgutten vår 3 år. Det har vi feira i to dagar. Fredag hadde vi fyrst dei største ungane på avdelinga på lunsj og leiking her, og på ettermiddagen hadde vi besøk av gode vennar. Laurdag var det familieselskap. Kjekt med bursdag!!:)

 En som beundra sin ultratøffe traktorgenser!!:)
 Klart for barnehagefest!
Venne-selskap :)

 <3 Henrik var heilt i ekstase over gåvene, og spesielt alt med spiderman var populært. Han kasta kleda og skifta til ny spidermantruse,-sokkar, -t-skjorte, -genser og bukse. Og- ikkje minst, SPIDERMAN CAPS!! Små barn, store gleder!
Henrik, Ingrid, Mathilde og Eva. Emma måtte vere heime med vannkoppa, og sidan Per var opptatt med slåtten var heller ikkje Linn Victoria med.

Julie

 Julie kom til verda 17.juni kl 22.52, 13 dagar på overtid. Ei herlig lita frøken!<3

mandag 13. juni 2011

Medan vi ventar....

I dag har eg hatt to små hjelpera som både har vaska speil og bil :) Om det blei so mykje reinare veit ikkje eg, men det var ingenting å seie på innsatsen og den gode tanken vertfall <3



Herlig med litt sol og varme slik at vi kunne vere ute i heile dag. Har hatt besøk omtrent i heile dag. Fyrst kom Rune og Amalie, deretter Sivert med foreldre og søster (barnehage-bestekompisen til Henrik) og so kom Åshild, Ole Ivar og Trym. Vi har kosa oss med kake, vafler og is ute. Mamma og pappa var her i går, og mamma satte igjen oreo-kaka si, so det passa fint :)


Onsdag var det sommaravslutning på avdelinga til Ingrid. På grunn av dårlig ver måtte vi vere inne. Her er Ingrid blomsterjente under "Blomster små, gule, blå...."


I dag er det ni dagar sidan den berømte terminen min, men det er ingen tegn til at babyen vil ut. Eg har vore på to overtidskontrollar på sjukehuset, men so lenge både eg og babyen er i fin form blir ikkje fødselen satt i gang der før torsdag. Kjenner at det begynner å bli tyngre, magen er ikkje akkurat liten og snerten for å seie det sånn. Men- tross alt, den fysiske forma mi er veldig bra, er berre det at eg er begynt å bli lei av å vente... blir so rastlaus, vil no helst ha gullet i armane no, ikkje i magen....


mandag 6. juni 2011

Fortsatt ingen baby

I dag er det to dagar sidan termin, og det er fortsatt ingen tegn til fødsel her i Bjørkavågen. Eg er i fin form fortsatt so det går bra å vente, men vi gler oss veldig til å få treffe lille-gullet i magen. Ingrid og Henrik er begynt å rope til magen at han må kome ut, men det virka desverre ikkje. Vi må berre smørje oss med tolmod, han/ho kjem når han/ho er klar :)

Ingrid hadde rosa-fest her forrige fredag. Då henta eg fem jenter i barnehagen klokka to, og so hadde vi pølser med brød, pita-pizza, muffins, melon og is før jentene fikk leike seg både inne og ute. Det var stoooor stas :)

I helga var her faktisk litt fint ver. Naboen tok fram vannspredaren slik at ungane i gata fekk kjølt seg ned litt. Veit ikkje om det var so varmt at det var nødvendig, men ungane syns vertfall at det var veldig kjekt.

Ingrid og to nabojenter har styra voldsomt med dukker og vogner heile helga. Passa fint slik at eg fikk slikke sol :)

Gikk no til innkjøp av ny vogn i helga og. Britax B-smart. Sånn går det når en går over termin :)





Ha ei fin veke!!:)