søndag 28. oktober 2012

Vinter

 
Laurdagsmorgon reiste Geir på guttetur til London, og eg og kidsa reiste i Honndalen for å feire tantegullet Mikal sin 2 årsdag. I Honndalen var det sjølvsagt mykje snø, og vi fekk renne på snowracerane våre. Atle og Silje var i Honndalen og, kjekt!

 Henrik i duell med tante Silje.
 Inne var det sminka som besta ikkje brukar som blei hovedattraksjonen. Ingrid og Henrik både sminka og blei sminka.

 Lipgloss må man ha....
 Henrik har ein liten veg å gå før han blir noken stor make-up artist :)
Susie var med, og medan Julie (som vanlig) uttrykte både skrekk og fryd når ho kom nær, var Henrik berre glad for å sjå ho.

Deilig å kunne køyre Kvivsvegen til Honndalen no når vinteren er komt. So mykje betre enn om Stranda :) 

Ha ei super veke!:)

tirsdag 23. oktober 2012

4 årsboka

Søndag fekk Henrik 4 årsboka.


 Resten av familien var spente deltakarar :)



 
Julie likte veldig godt alle songane som var på gudstenesta, og song og dansa med :)

Ellers har veka vore litt prega av ei sjuk Julie og Geir i Brasil. Eg var heime frå jobb mandag-torsdag. Fredag var endelig Julie klarert etter å ha vore plaga med magebakteriar frå syden. Ho var ikkje frisk nok til å få vaksine, so blei bomtur på helsestasjonen. Henrik blei med farmor og farfar tiil Fiskå onsdag. Dei kom opp og passa Julie når eg skulle følge Henrik på sjukehuset. Takk og lov for besteforeldre :)




søndag 14. oktober 2012

Bahia Feliz

 
Vi, og mamma og pappa har hatt ei fantastisk flott veke på Bahia Feliz. Det har vore strålande sol heile veka, og det har vore opp mot 40 grader i sola kvar dag. Heldig for oss var der ein svalande vind som gjorde det levelig ved bassengkanten. Vi åt frokost og gjekk deretter rett til bassengområdet kvar dag. Herlig!!:) No snakkar ikkje eg heilt sant. Vi hadde oss ein dag på Amadores stranda og til Puerto Rico og såg oss om. Svett og sandette tur....

 Vi hadde All inklusive og det var vi i grunn veldig fornøgde med. Deilig å kunne ete og drikke heile dagane uten å tenke på pengar og på det å pakke i hop og gå på restaurant. Her drog vi berre på oss shortsen utanpå bikinien og gjekk og åt. Der var også ein buffet som var i det opne området som vi kunne spasere inn og hente mat og drikke fra og ta med ut i solstolen.
Trygt og godt hotellområde. Anbefalast for småbarnsfamiliar. Ungane storkosa seg!

 Ingrid og Henrik var på dansekurs med ABS Show kids, og Ingrid opptredde på scena på kvelden.
 Damene på turen!:)
 Og karane :)

 "Har du en euro?!" Favoritt uttrykket til Henrik på turen. Han la sin elsk på biljard og eit anna spel som kosta 1 euro.

Ingrid fletta halve håret <3 p="p">

Herlig med ferie, det kan vi konkludere med!:) No er Geir reist til Brasil på jobbtur, Julie har feriemage og må vere heime frå barnehagen i morgon. Henrik skal på øre-nese-hals på sjukehuset tirsdag og Julie på helsestasjonen fredag. Tilbake til kvardagen sa du?! Jepps! ;)