Laurdagsmorgon reiste Geir på guttetur til London, og eg og kidsa reiste i Honndalen for å feire tantegullet Mikal sin 2 årsdag. I Honndalen var det sjølvsagt mykje snø, og vi fekk renne på snowracerane våre. Atle og Silje var i Honndalen og, kjekt!
Henrik i duell med tante Silje.
Inne var det sminka som besta ikkje brukar som blei hovedattraksjonen. Ingrid og Henrik både sminka og blei sminka.
Lipgloss må man ha....
Henrik har ein liten veg å gå før han blir noken stor make-up artist :)
Susie var med, og medan Julie (som vanlig) uttrykte både skrekk og fryd når ho kom nær, var Henrik berre glad for å sjå ho.
Deilig å kunne køyre Kvivsvegen til Honndalen no når vinteren er komt. So mykje betre enn om Stranda :)
Ha ei super veke!:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar