fredag 9. august 2013

Og vidare til Oslo.... og Lilleputthammer....

Vidare frå Sandefjord tok vi båten til Strømstad. Vi hadde ikkje bestilt billett på forhånd, so vi stilte oss i ventekø og håpte noken ikkje dukka opp. Flaksen var på vår side, og som bil nr. 4 blei vi siste bilen som kom med. Glede for spesielt far og barn.
 Underholdning og gratis skattejakt og is for barna


 Nydelig skjærgård.
Og i Sverige var det myyyyyykje smågodt! 

 I Oslo budde vi med tanta til Geir. Vi var på omvisning på Ullevåll.
 Vi vassa på Tjuvholmen.

 Åt is på Aker brygge
 Var i Vigelandsparken


 Og vi stoppa på Lilleputthammer for å sjå Vennebyenshowet på veg til Hornindal.




Ferie (Hunderfossen)

Eg er som dei fleste gjerne veit, over middels interessert i sol, varme og ferie. Eg syns det berre er so deilig med sol, strandliv og glade folk. Og folk blir gladare av sola, det er eg heilt sikker på. So lenge det ikkje blir aaaaalt for varmt da. Alle med oss er glad i sol, men Henrik tåler dårlig at det blir for varmt. Da blir han slapp og vil berre vere inne. Han syns at syden var for varmt i sommar, so neste år blir det gjerne ikkje syden på sommaren vertfall. Vi får sjå....

I år hadde vi tenkt at vi kun skulle til syden, og so holde oss på Sunnmøre resten av ferien. Reise i Valldalen, Tafjorden, ut på øyane etc. Men den gang ei. Sunnmørssommaren innhelde rett og slett for lite varme, so plutselig vart det to veker med norges ferie i staden. Tenkte vi skulle ha en low budget ferie med campingliv, men då vi kom heim og rekna over kva low budget ferien kosta, var det visst ikkje so billig som vi hadde tenkt ;) Sann er det! Vi storkoste oss slik dei to vekene vi var på tur at det var heilt i orden at det hadde kosta. Greit å skulle begynne på jobb igjen når ein veit at ein har hatt ein ypperleg ferie. Eg syns vertfall det er mykje tyngre å starte på hausten om ein har gått i regn og ruskevær heime heile sommarferien.

Det vert mykje bilder, for eg har so lyst å vise fram alt det kjekke vi har gjort! Må prøve å begrense meg :)

 Fyrste natt på Dønfoss camping.
 Andre natta på Mageli camping rett nord for Hunderfossen. Storeungane i bobil, vi i telt :)
 På Hunderfossen møtte vi Marianne og ungane. Her er Ingrid ilag med Alida.
 Hurra for traktorkøyring!!!




 ÅÅÅ som vi kosa oss!

 Campingguten vår!
Litt skeptisk på temperaturen på Mageli :)

mandag 5. august 2013

Ula- Sandefjord

Turen vidare frå Mageli camping gjekk til Sandefjord og Ula camping. I følge utrekningane på internett skulle det ta 4,5 time å køyre, og vi la i veg med godt mot. Etter å ha køyrt eit stykke hoppa plutselig ankomsttida på GPS`en vår, og vi brukte 6 timar ned. Jaja, ungane holdt faktisk motet oppe heilt til det var kun 15 minutt igjen. Vi innførte en smågodt per tiande minutt på slutten for å overleve. Einaste stoppet vi hadde var i Hønefoss for å kjøpe oss mat (og ja, vi veit at vegen om Hønefoss ikkje var den kortaste, men vi hadde lyst å prøve ein ny veg). Då vi kom fram på Ula var det nydelig. Vi hadde fått tips om campingen med ei som vi faktisk ikkje kjenner, og vi var dermed litt spent. Etter at både Henrik og Ingrid brann seg på brennesle på veg opp til resepsjonen vart vi litt usikre. Var det eit dårleg teikn?! Men då vi såg stranda forsto vi kvifor vi hadde fått den anbefalt. Her var stilt, fredelig og vakkert. Vi låg i hytte like ved stranda, og vi kosa oss med bading og sol kvar dag. Heilt toppers!!!
Eit par ekstra bilder frå Mageli før vi startar på Ula. Karl Idar og Nina m familie campa ved sidan av oss.
Hytta på Ula. Mamma og pappa låg i bobil i to netter her før dei starta på heimvegen. Mamma måtte oppatt på jobb.
Campingen var bilfri, so vi måtte trille bagasjen(og ungane;)) frå parkeringsplassen og opp til hytta.
Sandefjord er ein fin by. Vi var inn og såg oss rundt og åt mat ein dag. Eg har ikkje vore der sidan vi vann Sandefjord cup med småjentelaget til Honndalen for maaaange år sidan. Vi var også til Larvik ein dag, men det syns eg var ein rotette by... Fann liksom ikkje heilt systemet der. Nei, då likte eg mykje bedre Sandefjord.
Og der var Tivoli!
Badeliv





På ein liten topp. Der står statuen av Gudbrand Ula(?).
Familien framfor Kvalstatua. 

Vi reiste også til Stavern. Det var litt av ein sommarplass. Yrande liv, mykje båtar og fin strandpromenade. Her skal vi tilbake!




 

Tyrkia

 Vi reiste ei veke til TYRKIA ilag med Rune og Randi med familie og Karl Idar og Nina med familie. 6 voksne og 8 ungar under 8 år på tur ilag. Det var rett og slett heilt topp! (Bortsett frå at Henrik vart sjuk og måtte vere på rommet nokre dagar....) Ungane leika seg kjempefint ilag, bada og bada dagen lang!






 Henrik hadde bursdag der nede- 5 år!!!