Turen vidare frå Mageli camping gjekk til Sandefjord og Ula camping. I følge utrekningane på internett skulle det ta 4,5 time å køyre, og vi la i veg med godt mot. Etter å ha køyrt eit stykke hoppa plutselig ankomsttida på GPS`en vår, og vi brukte 6 timar ned. Jaja, ungane holdt faktisk motet oppe heilt til det var kun 15 minutt igjen. Vi innførte en smågodt per tiande minutt på slutten for å overleve. Einaste stoppet vi hadde var i Hønefoss for å kjøpe oss mat (og ja, vi veit at vegen om Hønefoss ikkje var den kortaste, men vi hadde lyst å prøve ein ny veg). Då vi kom fram på Ula var det nydelig. Vi hadde fått tips om campingen med ei som vi faktisk ikkje kjenner, og vi var dermed litt spent. Etter at både Henrik og Ingrid brann seg på brennesle på veg opp til resepsjonen vart vi litt usikre. Var det eit dårleg teikn?! Men då vi såg stranda forsto vi kvifor vi hadde fått den anbefalt. Her var stilt, fredelig og vakkert. Vi låg i hytte like ved stranda, og vi kosa oss med bading og sol kvar dag. Heilt toppers!!!
Eit par ekstra bilder frå Mageli før vi startar på Ula. Karl Idar og Nina m familie campa ved sidan av oss.
Hytta på Ula. Mamma og pappa låg i bobil i to netter her før dei starta på heimvegen. Mamma måtte oppatt på jobb.
Campingen var bilfri, so vi måtte trille bagasjen(og ungane;)) frå parkeringsplassen og opp til hytta.
Sandefjord er ein fin by. Vi var inn og såg oss rundt og åt mat ein dag. Eg har ikkje vore der sidan vi vann Sandefjord cup med småjentelaget til Honndalen for maaaange år sidan. Vi var også til Larvik ein dag, men det syns eg var ein rotette by... Fann liksom ikkje heilt systemet der. Nei, då likte eg mykje bedre Sandefjord.
Og der var Tivoli!
Badeliv
På ein liten topp. Der står statuen av Gudbrand Ula(?).
Familien framfor Kvalstatua.
Vi reiste også til Stavern. Det var litt av ein sommarplass. Yrande liv, mykje båtar og fin strandpromenade. Her skal vi tilbake!









Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar