mandag 30. august 2010

Snart haust....

Det merkast at hausten nærmar seg. Det er kaldare i lufta og mørkare om kvelden. Eg som er soltilbedar likar ikkje å gje slepp på sommaren, men no innser eg at den e over. Vi rakk no heldigvis å få oss eit bad i sjøen her før sommaren forsvann heilt. Det var litt småkjølig, men faktisk meir overkommelig enn eg hadde frykta.


Søndag var det sol og vi planla ein liten fjelltur. Det blei nedstemt av våre to små søte som ville pakke sekken og berre gå i barnehagen for å leike. Vi inviterte dermed med to andre ungar slik at foreldra fekk fri til å sparkle og legge golv i huset som dei drive å bygge.
Ungane kosa seg med alle leikeapparata og vi hadde en kjekk dag ute.

Fredag til laurdag var det Ingrid sin tur å prøve seg på venninne-overnatting. Ho reiste bort til Stine til barnetv begynte. Eg sat klar med telefonen heile kvelden og var klar til å rykke ut i tilfelle ho angra seg og ville heim. Til min store overraskelse skjedde ikkje det. Ho kosa seg på overnatting og var blid og fornøgd då eg henta ho dagen etter :) Jammen har vi fått ei store jente i hus!!

Laurdag fekk vi besøk av både Bjørn og Per med familia. Sia det regna var vi for det meste inne og styra. Ingrid blei veldig misunnelig når ho skjønte at Eva og Emma skulle til farmor og farfaren på overnatting, men det roa seg etter lovnad om at det snart var hennar tur å reise dit igjen.

Eg sjølv var i 40 års dag til en veldig god kollega på laurdag. Vi var på gamle Glomset skule og hadde det kjempe koselig!! E so fornøgd med kollegaane mine på Blindheim barneskule!:)


Ønsker alle ei fin-fin veke!:)

lørdag 21. august 2010

Overnatting

I går kveld fikk Ingrid overnattingsbesøk av ei venninne frå b.hagen. Det var fyrste gong for ho som kom på besøk, og fyrste gong Ingrid har hatt overnatting av venninne aleine. Eg var spent på korleis det ville gå, men blei veldig positivt overraska. Stine kom til barnetv, og jentene leika og hadde det kjekt heilt til dei ville legge seg halv ni. Etter mykje fnising i dobbelsenga sovna dei en time seinare. Dei sov til halv åtte og var like blide når dei vakna som då dei la seg. Ei skikkelig tøff jente som var på overnattingsbesøk :) Stor stas for jentene!!

Jørgen, lillebroren til Stine, syns det var grådig urettferdig at Stine fekk overnatte med Ingrid, og ikkje han med Henrik. Han fikk derfor kome å leike aleine med Henrik en time i dag :) Stas med leikekompisar!

Kooos

fredag 6. august 2010

Eit par bilder frå Thailand

Eit knippe bilder frå den supre ferien på Kata Beach:

  Ingrid blei 4 år 25.juli :)
Vi tok masasje støtt og stadig, kosta 60 kroner for 1 time med ulik type masasje. Siste kvelden var vi ned å tok manikyr og pedikyr både eg og Ingrid. Ho fekk også nokre rastafletter i håret.
Henrik blei ei skikkelig badeløve. Vi bada kvar dag uansett ver. Temperaturen var alltid over 25 grader so då gjor kje det noke om det var overskya eller regna.


Ingrid mata elefantane med bananer i Phuket Zoo.

Damene i ny-investerete kjolar :)