tirsdag 29. november 2011

Besøk av besta

Då Geir var i Brasil sist kom besta på besøk eit par dagar. Det er alltid kjekt å ha ho på besøk. Ho leikar og styrar med ungane, og ho ryddar og ordnar i huset :) Ho har innsett mine begrensningar som blomster-dame, og prøvar alltid å få orden i bedd og krukker når ho er her. Inne har eg ingen blomster, rett og slett fordi dei ikkje likar meg, og vil alltid heller gå døden i møte enn å tilbringe tid med meg..... Alle orkideane eg har fått har eg tvinga mamma til å ta med seg slik at dei kan blomstre og vere glade med ho, i staden for å vere ei plage med meg. Ein god deal :)

Denne gongen mamma var her vart det litt julegåvehandel og. Eg er faktisk ferdig med alle gåvene, men det er ikkje mamma so det blei litt trakking på Moa. Fint det! No er det so stappa av folk på Moa at det er deilig å vere ferdig med gåvene slik at eg slepp å gå i flokk der inne. I dei to andre permisjonane har eg vore mykje på moa, både på handel og kafebesøk, men no går dagane so fort! Rydde hus mandag, babysong og trilling tirsdag, rydde og gå tur onsdag, barselbesøk torsdag og barseltreff på helsestasjonen fredag. I tillegg levera eg gjerne ungane litt seint, og henta litt tidlig i barnehagen.Uansett, eg har ei veldig kjekk permisjonstid med meget hyggelige damer her på Sula :)






søndag 27. november 2011

Førskulejente

Ein stor dag i heimen: Ingrid blei skreven inn på skulen. Ho gledde seg kjempe mykje, og møte med rektor sto til forventningane. Rart for mor og far å innsjå at veslejenta snart er skulejente. Føle det ikkje er sooo lenge sidan ho kom til verda og vi var nybakte foreldre for fyrste gong.... Sukk.... Vi begynde å bli gamle ;)

 Vi bur sopass nært skulen at vi gjekk bort. Det var lagt opp til innskriving og leiking på SFO-basen, so vi var på skulen nokre timar. Geir tok seg fri og var med på den store happeningen:)

Ingrid og ei venninne foran skulen før heimreise. Dette bygget skal rivast i sommar, og våre gullungar får begynne på ny skule. Det er jammen bra, for det trengs ny skule for å seie det sånn.....

mandag 14. november 2011

Mamma nr.2

Her i huset har Julie ei mamma nr.2. Denne mammaen styrer og steller, matar og bære. Ho kosar, skiftar bleie og tar Julie opp om ho er lei av å ligge på golvet. Ho prøvar å lære ho å gå, hoppe og prate, og det er ho som får ho oftast til å le. Denne mamma nr.2 er sjølvsagt Ingrid<3 Ho er utruleg flink med Julie, og det er tydeleg at Julie set stor pris på den gode storesystra si. Ho strekker seg etter ho, og ho smiler STORT når storesyskena kjem heim frå barnehagen. Heilt frå Julie vart fødd har vi sett at Ingrid er veldig flink med ho, og vi har kunna stolt på ho, likevel om ho kun er 5 år. Julie er sjølvsagt kjempeglad i storebror Henrik og, og ho smiler og prøver å leike med traktorane ilag med han. Men han er fortsatt berre 3 år, og klarar ikkje å styre og stelle slik som Ingrid gjer. Og so har han ein del meir makk i rompa enn storesøstra. Han vil veldig gjerne holde, men etter 1 minutt eller 2, har han faktisk andre ting han skulle ha gjort ;)

Dette innlegget er derfor ein hyllest til mamma nr.2.





Må også legge til at Julie som kom verda og hadde ein del mageknip dei to fyrste månedane, er blitt ei særs snill og grei lita frøken som ikkje slit ut verken mamma nr. 1 eller 2 :)

lørdag 12. november 2011

Nongyao 40 år

Nongyao har bursdag i dag, men feira det med familien på Nordfjord hotell forrige søndag.
 Heile gjengen untatt Geir var samla, han var i Oslo på cupfinale. Eg og ungane var i Honndalen frå onsdag av, ein liten ferie for oss.
 Brødrene slappar av etter middagen.
 Bursdagsbarnet med slevefrøkena Julie på fanget :)
Kos, kos! Mykje rart ein må finne seg i når ein berre er 4,5 månadar ;)

Eg anbefalar desverre ikkje buffeten på Nordfjord hotell.... dårlig utvalg... dårlig mat....

Fotosession

Eg er ingen fotograf, men eg likar veldig godt å ta bilde av ungane. Det likar ikkje det alltid like godt, og det er soooo vanskelig å få tatt bilder der alle tre smiler og ser på kamera. Her er eit eksempel:

 Henrik berre tullar medan Ingrid gjer sitt beste... Julie ser sjokka ut, og skjønar ikkje kvifor mora prøvar å vere artig...

 No begynner Ingrid å bli lei og vil ikkje holde meir...
 "No går ei!!"
"Ei vil holde, ei vil holde" seier Henrik, men no er også Julie blitt lei.
Ingen smilebilde av trekløveret no heller ;)

mandag 7. november 2011

Fotografering og halloween...

No er ungane levert fine og klar for fotografering i barnehagen. Etter å ha vore i Honndalen sidan onsdag var det litt godt å kome heim igjen i går kveld. Julie søv, og eg legge bilder over frå kameraet til maskina. Vi tok prøvebilder før avreise i dag, men det er jammen ikkje lett å få dei til å smile og ha opna auger samtidig. Henrik har arva "Rygg-fenomenet" med å late att augene når han smiler til kameraet. Ingrid sa strengt til han ved frokostbordet i dag: "Henrik, du må ikkje smile når vi skal ta bilde ilag i dag, for då berre lata du igjen augene, og det skal ikkje du!" Hehe, ikkje berre lett. Sidan vi aldri har vore til fotograf sjølve (fy, fy for noken dårlige foreldre) håpar eg at bilda i barnehagen blir bra. Eg har ein plan om familiebilde neste sommar. Då er Julie blitt litt større, og familien er komplett :)




 "Verdens sterkaste!"
 Er det noken likskap?
Eg har prinsipielt vore imot Halloween heile tida, men i år rauk alle mine prinsipp... Ingrid kom heim frå barnehagen og var veldig oppsatt på å få gå. Eg sa at her i heimen likar vi bedre å bake Lucia-bollar og gå rundt og dele ut i gata, og det er ikkje så lenge til.... Dette gjekk liksom ikkje heilt inn, og eg sa dermed at ho kunne få lov til å gå ute i mørket aleine og spørr etter knask eller knep so mykje ho berre ville, men eg og Geir ville ikkje følge ho. Det fann ho no ut var litt for skummelt, og heile halloween saken blei i grunn lagt dø.... Heilt til nabojenta, storesøstra og ei venninne kom og ville ha med både Ingrid og Henrik til å gå i gata... Då hadde fru Berge igjen grunn til å holde dei heime, og eg måtte kle dei ut og måle dei med det vi hadde i hus. Etter kun kort tid kom dei heim med kvar si spann godteri. Heilt utrulige mengder berre etter å ha gått litt i gata her. Skjønnar godt at ungar vil gå Halloween når dei får so mykje godteri- MIDT i veka :) Ingrid kunne fortelle når dei var vel heime igjen at ; Du mamma hadde det dårligaste godteriet i heile gata". Hehe, sånn går det når ein er motstandar og kun har popcorn og gje. Neste år får eg handle inn noke betre sidan mine eigne ungar er ute å tiggar......

tirsdag 1. november 2011

Juhu!! Eg er blitt 30 år!:)

Det er rart med det, plutselig blei eg og 30 år. Kom vel i grunn ikkje som noko sjokk, og eg har ikkje fått noke 30 års krise. Dei glade 20-åra har gjeve meg utruleg mykje, og det aller viktigaste er min herlige mann og våre 3 fantastiske ungar. 30 åra kan dermed på ingen måte kunne konkurrere med 20 åra. Likevel ser eg fram til dei neste åra. Vi konkluderte til og med under feiringa laurdag med at 40 åringa ofte seg freshare ut enn oss som er 30 og slitne av lite søvn og mykje jobb, so det er berre å gle seg til å bli 40 :)

Eg hadde i grunn bestemt meg for å ikkje ha noke feiring av den store dagen no, men ta det igjen ut på nyåret når Julie kan klare seg uten mammaen eit lite døgn. Men når dagen nærma seg syns eg det var for gale og ikkje gjere noken ting på bursdagen. Det kunne bli litt stusselig.... Det enda derfor oss med venneselskap fredagskvelden, og laurdagskvelden, familieselskap søndag på dagen, og besøk av barselsvenninnene mandag på dagen :) Mykje feiring altso, og eg angra ikkje. Har hatt ei heilt super helg!!!<3 Men- for dokke som føler at dokke er forbigått, slapp av, det kjem ei kjempefeiring når Julie skjønnar seg på det med å sove heile natta utan mat. Då skal alle bli invitert til storfest!!!:)

 Fruen i huset fekk sin fyrste Irish coffee sidan sept.2010 :)
Steinar, Inghild, Ida, Ottar Inge, Synnøve, eg, Bjørn Ove, Ole T. og Ingvild. Stine og Hallvard var sjuke, og Maria var på bokgreier i Aurland. Ellers var gjengen samla <3

 Randi med Adrian på fanget, Rune, Karl Idar, Nina, Jenny, eg med Julie på fanget, Åshild og Ole Ivar <3

 Eg fekk kjempeflotte gåver og fine bukettar. TUSEN, TUSEN TAKK!!! Geir og ungane hadde lage krone til meg og <3

 Søndag var det familieselskap. Emma er såååå glad i Julie, og vil helst holde, holde, holde, holde, holde :) Flinke!
 Eva vil også kose litt :)
 Tre trøtte jenter etter ein lang dag....
 Mathilde leikar apekatt på onkel Bjørn :)
Då klokka passerte sju tusla Henrik seg ned på rommet sitt, bygde seg ei lita hytte, kraup under og sovna. Sånn går det når ein har vore "jobbe-mann" ei heil helg og hjelpt onklane med å grave tomt til ny fjøs på Fiskå. Han elskar alt som heiter traktor og gravemaskin, og er i himmelen når han får delta på alt gravearbeidet.


TUSEN TAKK FOR ALLE HELSINGAR, GÅVER OG GODE ORD TIL BURSDAGEN MIN!!:)