mandag 14. november 2011

Mamma nr.2

Her i huset har Julie ei mamma nr.2. Denne mammaen styrer og steller, matar og bære. Ho kosar, skiftar bleie og tar Julie opp om ho er lei av å ligge på golvet. Ho prøvar å lære ho å gå, hoppe og prate, og det er ho som får ho oftast til å le. Denne mamma nr.2 er sjølvsagt Ingrid<3 Ho er utruleg flink med Julie, og det er tydeleg at Julie set stor pris på den gode storesystra si. Ho strekker seg etter ho, og ho smiler STORT når storesyskena kjem heim frå barnehagen. Heilt frå Julie vart fødd har vi sett at Ingrid er veldig flink med ho, og vi har kunna stolt på ho, likevel om ho kun er 5 år. Julie er sjølvsagt kjempeglad i storebror Henrik og, og ho smiler og prøver å leike med traktorane ilag med han. Men han er fortsatt berre 3 år, og klarar ikkje å styre og stelle slik som Ingrid gjer. Og so har han ein del meir makk i rompa enn storesøstra. Han vil veldig gjerne holde, men etter 1 minutt eller 2, har han faktisk andre ting han skulle ha gjort ;)

Dette innlegget er derfor ein hyllest til mamma nr.2.





Må også legge til at Julie som kom verda og hadde ein del mageknip dei to fyrste månedane, er blitt ei særs snill og grei lita frøken som ikkje slit ut verken mamma nr. 1 eller 2 :)

Ingen kommentarer: