Då Geir var i Brasil sist kom besta på besøk eit par dagar. Det er alltid kjekt å ha ho på besøk. Ho leikar og styrar med ungane, og ho ryddar og ordnar i huset :) Ho har innsett mine begrensningar som blomster-dame, og prøvar alltid å få orden i bedd og krukker når ho er her. Inne har eg ingen blomster, rett og slett fordi dei ikkje likar meg, og vil alltid heller gå døden i møte enn å tilbringe tid med meg..... Alle orkideane eg har fått har eg tvinga mamma til å ta med seg slik at dei kan blomstre og vere glade med ho, i staden for å vere ei plage med meg. Ein god deal :)
Denne gongen mamma var her vart det litt julegåvehandel og. Eg er faktisk ferdig med alle gåvene, men det er ikkje mamma so det blei litt trakking på Moa. Fint det! No er det so stappa av folk på Moa at det er deilig å vere ferdig med gåvene slik at eg slepp å gå i flokk der inne. I dei to andre permisjonane har eg vore mykje på moa, både på handel og kafebesøk, men no går dagane so fort! Rydde hus mandag, babysong og trilling tirsdag, rydde og gå tur onsdag, barselbesøk torsdag og barseltreff på helsestasjonen fredag. I tillegg levera eg gjerne ungane litt seint, og henta litt tidlig i barnehagen.Uansett, eg har ei veldig kjekk permisjonstid med meget hyggelige damer her på Sula :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar