fredag 2. desember 2011

Advent

Det er so herlig når advent byrjar. Då veit vi at det ikkje er lenge igjen til jul. Både store og små gler seg til den beste høgtida av alle. Vi skal i år som i fjor feire julafta her heime. I år har eg bestemt at vi kun skal bake julemenn, pepperkaker og ristoppar. Og so skal vi sjølvsagt pynte pepperkakehus. Det brukar vi i grunn å gjere 1.søndag i advent, men dette året var vi i Hovdebygda, so vi får ta det ein annan dag.

Julemann-baking. Fyrste brettet blei ete opp allereide før 3.brettet var ferdig å steike. Det må vere eit kvalitetsstempel ;)
 Julie og var med å baka.... eller leika vertfall med nokre former....
 Stine, Ingrid si venninne var med å baka og måla og.
 Det fantastiske trekløveret vårt <3
 Julie er begynt å sete litt sjølv. Ho vil so gjerne kome seg opp i leikekassa...
Litt av ein stil ;)

I natt har Stine overnatta med Ingrid, og begge jentene+ Henrik har sove oppe på gjesterommet i dobbelseng. Det var ikkje stilt før klokka var over halv ti, men det var i orden når dei alle tre var stille heilt til klokka var over halv åtte. Kjekt med overnattingsbesøk :)
No har eg pakka i bilen og gjort klart for Honndalshelg.

Ynskjer dykk alle ei fin adventstid!

Ingen kommentarer: