onsdag 14. desember 2011

Lucia

Eg føler at det er meir Lucia-veke, enn berre luciadag :) Mandag var vi på luciafeiring på avdelinga til Ingrid. Vi skulle eigentleg vere ute, men det er speglblank is overalt, so dei måtte ha det inne. Nydelige barn med flotte lys, fin sang og god stemning.

Ingid ville ikkje bli tatt bilde av, so her er eg og Julie på luciafesten...

I går på luciadagen var Henrik si avdeling på gamleheimen og gjekk lucia, medan eg og Ingrid var heime og baka lussekattar til den store gullmedalje. Når barnehagedagen var over kom vennar av Ingrid og Henrik hit, kledde seg som lucia og gjekk tog i gata her og delte ut lussekattar. Eg syns det er ein herlig tradisjon, gje noke til andre, synge og kose seg <3


I morgon er den neste luciafeiringa, då skal vi på avdelinga til Henrik. Herlig adventstid.

Julie er begynt å røyse seg opp og stå litt. Nydelige, og flinke gullet vårt!

Ingen kommentarer: