mandag 12. desember 2011

Nok ei helg er forbi...

Det går mot jul, og i barnehagen er det juleverksted og bakedagar. Her heime har vi kun baka pepperkaker og julemenn, og i helga forsvann jammen meg alt. Det vil sei at vi denne veka må bake nye posjonar. Eg syns det er betre å bake litt og litt slik at ungane ikkje blir lei av å stikke ut figurar før vi er ferdig. Og so syns eg det er greit å ikkje bake meir enn vi ete :)

Torsdag fekk Henrik med seg "Gullet" heim frå b.hagen. Det er avdelinga sin bamse, og gjett om det var stas. Den har fått god pleie her i helga for å seie det sånn. Heile helga har rattkjelkerenning stått på tapeten. Det har vore kjempe godt føre i vegen vår, so ungane har storkosa seg ute både seint og tidleg.

Marius, guten til Nina og Karl Idar overnatta frå laurdag til søndag. Alle storeungane sov oppe på gjesterommet, og halv ti måtte Geir gå inn med strengestemma og sei at no måtte dei sove. Herlig å høyre på koselig småprat, men dei må sove litt og ;)

Til slutt, eit nissebilde frå nissefesten!:)

Ingen kommentarer: