onsdag 14. desember 2011

Lucia

Eg føler at det er meir Lucia-veke, enn berre luciadag :) Mandag var vi på luciafeiring på avdelinga til Ingrid. Vi skulle eigentleg vere ute, men det er speglblank is overalt, so dei måtte ha det inne. Nydelige barn med flotte lys, fin sang og god stemning.

Ingid ville ikkje bli tatt bilde av, so her er eg og Julie på luciafesten...

I går på luciadagen var Henrik si avdeling på gamleheimen og gjekk lucia, medan eg og Ingrid var heime og baka lussekattar til den store gullmedalje. Når barnehagedagen var over kom vennar av Ingrid og Henrik hit, kledde seg som lucia og gjekk tog i gata her og delte ut lussekattar. Eg syns det er ein herlig tradisjon, gje noke til andre, synge og kose seg <3


I morgon er den neste luciafeiringa, då skal vi på avdelinga til Henrik. Herlig adventstid.

Julie er begynt å røyse seg opp og stå litt. Nydelige, og flinke gullet vårt!

mandag 12. desember 2011

Nok ei helg er forbi...

Det går mot jul, og i barnehagen er det juleverksted og bakedagar. Her heime har vi kun baka pepperkaker og julemenn, og i helga forsvann jammen meg alt. Det vil sei at vi denne veka må bake nye posjonar. Eg syns det er betre å bake litt og litt slik at ungane ikkje blir lei av å stikke ut figurar før vi er ferdig. Og so syns eg det er greit å ikkje bake meir enn vi ete :)

Torsdag fekk Henrik med seg "Gullet" heim frå b.hagen. Det er avdelinga sin bamse, og gjett om det var stas. Den har fått god pleie her i helga for å seie det sånn. Heile helga har rattkjelkerenning stått på tapeten. Det har vore kjempe godt føre i vegen vår, so ungane har storkosa seg ute både seint og tidleg.

Marius, guten til Nina og Karl Idar overnatta frå laurdag til søndag. Alle storeungane sov oppe på gjesterommet, og halv ti måtte Geir gå inn med strengestemma og sei at no måtte dei sove. Herlig å høyre på koselig småprat, men dei må sove litt og ;)

Til slutt, eit nissebilde frå nissefesten!:)

tirsdag 6. desember 2011

Brygging av konnjøl og leiking i snøen

Laurdag var det tradisjonen tru bryggjing av konnjøl i smia heime. Geir har dei siste åra vore med pappa på dette, og det var han også i år. Vi kom i Honndalen fredag, og der var det meir snø enn her med oss. Ungane syns det var kjempestas, laga snøenglar, snømann og snølykter. Dei fann til og med fram skia og prøvde dei på igjen.








fredag 2. desember 2011

Advent

Det er so herlig når advent byrjar. Då veit vi at det ikkje er lenge igjen til jul. Både store og små gler seg til den beste høgtida av alle. Vi skal i år som i fjor feire julafta her heime. I år har eg bestemt at vi kun skal bake julemenn, pepperkaker og ristoppar. Og so skal vi sjølvsagt pynte pepperkakehus. Det brukar vi i grunn å gjere 1.søndag i advent, men dette året var vi i Hovdebygda, so vi får ta det ein annan dag.

Julemann-baking. Fyrste brettet blei ete opp allereide før 3.brettet var ferdig å steike. Det må vere eit kvalitetsstempel ;)
 Julie og var med å baka.... eller leika vertfall med nokre former....
 Stine, Ingrid si venninne var med å baka og måla og.
 Det fantastiske trekløveret vårt <3
 Julie er begynt å sete litt sjølv. Ho vil so gjerne kome seg opp i leikekassa...
Litt av ein stil ;)

I natt har Stine overnatta med Ingrid, og begge jentene+ Henrik har sove oppe på gjesterommet i dobbelseng. Det var ikkje stilt før klokka var over halv ti, men det var i orden når dei alle tre var stille heilt til klokka var over halv åtte. Kjekt med overnattingsbesøk :)
No har eg pakka i bilen og gjort klart for Honndalshelg.

Ynskjer dykk alle ei fin adventstid!