Denne veka har det i grunn gått i ett med foreldremøte tirsdag, besøk av Unni og Frode, kino på onsdag og kurs i Geiranger med jobben frå torsdag til fredag. Kurset i Geiranger hadde temaet Teambuilding og læringsmiljø. Det var veldig kjekt, og ikkje minst sosialt. For meg som er so glad i mat, var buffet`en der inne ein skuffelse, men eg overlevde det og ;)
Laurdag vakna vi til nydelig ver, og etter å ha bladd litt i boka som Geir fekk til bursdagen; Turbok for Ålesund og omegn, bestemte vi oss for å gå på Taustuhytta. Vi fekk med oss Stine og Ottar Inge. Spreke Stine som kun har 3 veker til termin!! Vi gjekk jamnt og trutt i roleg tempo i lang tid før vi kom opp til hytta. Ungane var kjempe flinke å gå! Det måtte litt tur-snop/lokkemat til i ny og ne, men det hadde vi rekna med. Vi starta turen klokka ti over tolv og var vel ikkje heime før nærmare halv fem!! Ein nydeleg tur i eit strålande solskin:)
Undervegs løyste vi oppgåver på ein natursti.
Her er Henrik sitt store "SMIL"
I dag har det også vore fint, og i dag gjekk turen fyrst til avdelinga til Ingrid sitt tre: MAKRELLTREET, før vi gjekk i "Lille trollskogen". Det er ein skog mellom oss og barnehagen der avdelinga til Ingrid er begynt å vere mykje.
"MAKRELLHYTTA"
Her koka vi oss tomatsuppe og hadde en enkel lunsj før vi gjekk i barnehagen å leika litt.
Vi har også vore i bursdag til ERLEND i dag. Han blei 3 år og vart feira med både pølser og kaker på Sørneset (då gløymde eg kameraet....). Det har altso vore ei SUPER helg!!:)












