tirsdag 22. desember 2009

God jul!:)

I dag er det lille julafta og vi er komt på plass i Honndalen. Vi reiste i dag tidlig, og for rett på sjukeheimen på Eid til bestemor. Heilt sia vi var små har vi vore med bestemor lille julafta. Då ho (og bestefar) budde heime brukte vi alltid å pynte juletreet deira. Det var ekstra kjekt å kome te Hjelmeland denne dagen. Tida går, og bestemor e kje so sprek at ho kan bu heime lenger. I februar blir ho 89 år...... Det var vertfall kjekt at vi også i år var samla heile familien nede med henne lille julafta.
I år skal vi vere i H.dalen til 3.dag og då sette vi nasa mot Fiskå. Nyttårshelga skal vi vere heime på Eidsnes. Vi har berre vore heime to av dei sju siste helgane, so det skal bli deilig å roe ned der før ferien er over.
Bildene som kjem under er frå sist helg. Då var familien Berge samla på julebord på Skei hotell.
Ungane holdt det gåande lenge, og dei var dei einaste som dansa ei stund. Dei svinga seg til publikum si glede. Henrik bydde opp sitt kjære søskenbarn Mathilde til dans :)
Farmor og Mathilde såg på dansarane.Til nattmat smiska dissa to småfrøknane seg til å få is med gamle hotellsjefen.
Vi ynskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!!

søndag 13. desember 2009

Lucia

Vi har feira lucia både på avdelinga til Ingrid, og på avdelinga til Henrik. Makrellberget hadde feiringa ute klokka fire. Det var veldig fint å sjå når alle ungane kom gåande i mørket med lys i hendene. Vakkert, vakkert! Ingrid syns det var stor stas.
Henrik derimot syns det var skummelt med so mange foreldre samla på en plass. Han ville fort ut av toget og heller opp i fanget mitt. Tårene slutta heldigvis kjapt. Når ungane var ferdig å synge fekk alle lucia-frokost.

onsdag 2. desember 2009

Sula-nissen

Før vi skulle på Sulafjellet for å møte nissen ville Ingrid prøve ut juleklea frå ifjor. Her ser dåkke ho i full fart no i førjulsstria. E kje berre berre å skulle både handle og passe unga ;) He, he....
Vi tok "snarveien" opp; ei bratt røys. Det gjor at vi fekk løyst svetten både liten og stor. Legg ikkje ut på tur til Sula-nissen uten trening seie eg ;) Ingrid går lang tur i barnehagen minst en gong i veka, og ho var blitt imponerande flink til å gå. Ho gjekk so og seie heile veien opp.Rundt 1000 frammøtte laga stemning med faklar og bål. Det var klart og kaldt, og det ga oss ei flott utsikt. Alle ungane fekk gåve med nissen. Stor stas! Vi hadde i tillegg med oss både julekake, kakao og sjokolade. Likevel om vi hadde mykje å kose oss med blei det fort kaldt når vi sat i ro. Det var so glatt og so mykje folk at det var vanskelig å holde på med noke aktivitet. Ned igjen gjekk vi den litt lengre og mindre bratte vegen. Vi tok ikkje sjansen på å fare siglande nedover røysa på glatta. Stine var også med oss på turen. Kjekt!

mandag 30. november 2009

Advent

"Nå tenner vi det første lys...." Eg og Ingrid laga søte nissar :) Pepperkakebaking
Mykje pynt gikk som dokke ser, rett i munnen på Henrik. Ingrid var so uheldig å dette rett på huset når eine sida av taket var ferdig pynta. Både taket og eine veggen knakk rett i hop. Vi reparerte so godt vi kunne, men vi må innrømme at huset e noke skeivt.... Serinakake-baking
Besøk av Per og co.

fredag 20. november 2009

Kos!!

"Ej og Henrik e bestevænna" "og vi e so lure"
Eg og Ingrid hadde oss en tur på julehandel torsdagskveld. Vi fekk kjøpt nokre gåver, og Ingrid fekk belønning for god oppførsel ;)

mandag 16. november 2009

Båtdåp

Geir har vore prosjekt-koordinator for designkontoret på denne båten. Det er ein supplybåt som eigast av Gulf-rederiet. I helga var det dåp av Higland Prince og vi var tilstades.
Alt gjekk skikkelig føre seg med både prest og gudmor.
Her diskuterar Geir og Kjell Morten utsikta under båtturen. Vi var ca 20 meter over havflata då vi sat i styrhuset under turen.
Fin danseflake spørr du oss damene ;)
Herr og fru pynta til festmiddag på sas hotellet.
Stine og Ottar Inge kom innom rommet vårt for eit aldri so lite vorspiel.
Geir holdt ei flott tale på engelsk.....
og overrekte ei helle som Elisabeth har måla båten på. Kjempe stilig! Nick her blei både glad og rørt.
Under middagen sat vi ilag med berre skotske og engelske. Praten gikk grett, men for ei dame utanfor båtyrke syns eg at det var nok dans og prat kvart over ett. Geir derimot var i sitt ess og kom ikkje til sengs før mange timar seinare ;)

Gode venner!

Stine og Ottar Inge er blitt sula-folk, og det gler oss :) Dei har flytta inn i en tomannsbolig nær butikken vår. Her er vi på innflyttingsmiddag ilag med Bjørn Ove og Ida. Fredag var vi 19 venner på show med Dagfinn Lyngbø, og på Hoffmann og åt middag. Showet var kjempe artig so lattermusklane fekk virkelig trimma seg. Kjekt med en helaften på byen :) Ingrid og Henrik var med besta og besten i Honndalen heile helga.

tirsdag 10. november 2009

Geir e komt heim!

Ååååålesuuund!!! Cup-gull!!!:)

Fantastisk e vel ordet som beskrive cup-gullet til Ålesund. Det var vel ikkje mange som trudde at vi kom til å slå sølv-medaljevinnar Molde, men håpet levde. Det blei en utrulig spennande kamp og et rått resultat :)
GRATULERER AAFK!! Eg og Nina på feiring i sentrum søndagskveld. "Vi e oransje og blå, vi e laga av stål, vi står saman i kampen for vårt lag AAfk...." YEAH!!!!!! HELTANE :)

mandag 2. november 2009

Heime aleine

Geir reiste til Brasil på jobb-tur onsdag morgen, og vi andre tre har styrt huset heime. Vi sakna pappsen, men ungane har vore veldig snille og hjelpt mamma. Dei e blitt so glad i å kose og trøste kvarandre, skikkelig søte.
To tette anbefalast!!;)
Fredag hadde eg bursdag og då blei eg feira med tacos og kake med familien Molutubakk Vik. Kjekt!! Laurdag gikk vi tur bort i nyehuset til Ottar Inge og Stine. På ettermiddagen/kvelden kom Åshild og holdt oss med selskap. Søndag pakka vi sekken med kakao, muffins og juice og gikk i barnehagen for å leike i fineveret. Ingrid servera brød og muffins :)
No er det ei veke igjen til Geir kjem heim, og vi håpar at tida skal gå fort.
Svineinfluensaen er komt på skulen der eg jobbar, både blant ansatte og elevar, so vi kryssar fingrane for at vi sleppe unna. Vertfall til Geir e tilbake!