onsdag 2. desember 2009

Sula-nissen

Før vi skulle på Sulafjellet for å møte nissen ville Ingrid prøve ut juleklea frå ifjor. Her ser dåkke ho i full fart no i førjulsstria. E kje berre berre å skulle både handle og passe unga ;) He, he....
Vi tok "snarveien" opp; ei bratt røys. Det gjor at vi fekk løyst svetten både liten og stor. Legg ikkje ut på tur til Sula-nissen uten trening seie eg ;) Ingrid går lang tur i barnehagen minst en gong i veka, og ho var blitt imponerande flink til å gå. Ho gjekk so og seie heile veien opp.Rundt 1000 frammøtte laga stemning med faklar og bål. Det var klart og kaldt, og det ga oss ei flott utsikt. Alle ungane fekk gåve med nissen. Stor stas! Vi hadde i tillegg med oss både julekake, kakao og sjokolade. Likevel om vi hadde mykje å kose oss med blei det fort kaldt når vi sat i ro. Det var so glatt og so mykje folk at det var vanskelig å holde på med noke aktivitet. Ned igjen gjekk vi den litt lengre og mindre bratte vegen. Vi tok ikkje sjansen på å fare siglande nedover røysa på glatta. Stine var også med oss på turen. Kjekt!

2 kommentarer:

Siri oppe i Bartebyen sa...

Fine, glade unga og fin familie! Og eg må berre sei at eg er så imponert over alt du og dåkke gjer og finne på av ting og tang. Korleis får du nok tid og energi til alt lure eg på. Du Kristin er utan tvil supermamma nr 1! Håper vi sjåast i jula :)

Kristin sa...

So fint skreve Siri!:) Tusen takk!
Gler meg te å sjå dåkke igjen i jula!