Etter at eg gikk ut i permisjon har det kun vore dårlig ver :( Var so flott tidlig i mai, men no er det berre regn og enda meir regn. Kjedelig! Eg hadde ein draum om å ligge strak ut i solstolen til babyen meldte sin ankomst. I staden er det blitt rolige dagar inne med vasking av babykle, dyner, tepper og klutar. I tillegg har eg hekla babyteppe med bestemorruter. Eg har aldri hekla før, men blei inspirert av ein blogg med videoinstruksjon. Blei ikkje so verst til slutt. 70 lappar har eg faktisk hekla, tru det eller ei. No har Ingrid komt med bestilling på eit akkurat same teppe, men det spørs om eg gidde..... Må hekle på ein kant på ditte teppet fyrst vertfall.
Litt kjedelige fargar kanskje, men det er ikkje så lett når ein ikkje veit kva kjønn det er på gullet som ligg å ventar i magen.
Ellers so hadde vi ei helg heilt utan planar. Vi har gjort litt forskjellig likevel :) Fredag kom Stine, Ottar Inge og Maja på middag, og laurdag kom Åshild og Trym. I tillegg hadde Ingrid besøk av nokre venninner. Søndag var vi på Sundsmyra å leika. Ingrid var både der og på Leirvågsfjellet med barnehagen denne veka, og hadde veldig lyst opp igjen. Fjellturen tar vi igjen, men leika, det gjorde vi.
På ettermiddagen var vi å bada i Røde Kors bassenget med 33 grader! Vi leigde det ilag med Stine, Ottar Inge og Åshild. Heilt ypperlig!!:) Alle storkosa seg!! Heime venta sjokoladekaka eg baka før vi reiste, nam nam!!;)
Ha ei fin-fin veke! Det skal eg. Legen sa på fredag at det ikkje blir fødsel fyrste veka, so her er det berre å slappe av og avvente.....
søndag 22. mai 2011
tirsdag 17. mai 2011
Hipp hurra for 17.mai!!
No skin sola her i Bjørkavågen, men det har ho slett ikkje gjort i heile dag. Det var en heller våt fornøyelse å gå i tog og vere oppe på skulen. Etter ein liten tur på skulen reiste vi til Randi og Rune på grilling og kakeeting. Veldig koselig!:) Men- 17.mai er kjekkast når det er fint ver!!
Kos i saudefjøsen
Laurdag tok vi en spontantur i Honndalen. Vi er begynt å innsjå at fødselen nærmar seg, og fann ut at det kunne vere på tide å hente opp vogna og bilstolen. I tillegg blei vi invitert inn på hytta til Ole Theodor og Ingvild i Stryn, so var grett å ta to fluer i en smekk :)
I Honndalen var der komt søte små lam, og to av dei måtte matast med tåteflaske- til ungane si store glede.
Det har vore dårlig med blogging i det siste, eg skal skjerpe meg! No er permisjonen begynt og eg kan ta det litt roligare. Følte den kom akkurat i tide. Er fortsatt i bra form, men blir fort sliten i ryggen og då er det godt å kunne legge seg strak ut....
I Honndalen var der komt søte små lam, og to av dei måtte matast med tåteflaske- til ungane si store glede.
Det har vore dårlig med blogging i det siste, eg skal skjerpe meg! No er permisjonen begynt og eg kan ta det litt roligare. Følte den kom akkurat i tide. Er fortsatt i bra form, men blir fort sliten i ryggen og då er det godt å kunne legge seg strak ut....
Abonner på:
Innlegg (Atom)