Etter at eg gikk ut i permisjon har det kun vore dårlig ver :( Var so flott tidlig i mai, men no er det berre regn og enda meir regn. Kjedelig! Eg hadde ein draum om å ligge strak ut i solstolen til babyen meldte sin ankomst. I staden er det blitt rolige dagar inne med vasking av babykle, dyner, tepper og klutar. I tillegg har eg hekla babyteppe med bestemorruter. Eg har aldri hekla før, men blei inspirert av ein blogg med videoinstruksjon. Blei ikkje so verst til slutt. 70 lappar har eg faktisk hekla, tru det eller ei. No har Ingrid komt med bestilling på eit akkurat same teppe, men det spørs om eg gidde..... Må hekle på ein kant på ditte teppet fyrst vertfall.
Litt kjedelige fargar kanskje, men det er ikkje så lett når ein ikkje veit kva kjønn det er på gullet som ligg å ventar i magen.
Ellers so hadde vi ei helg heilt utan planar. Vi har gjort litt forskjellig likevel :) Fredag kom Stine, Ottar Inge og Maja på middag, og laurdag kom Åshild og Trym. I tillegg hadde Ingrid besøk av nokre venninner. Søndag var vi på Sundsmyra å leika. Ingrid var både der og på Leirvågsfjellet med barnehagen denne veka, og hadde veldig lyst opp igjen. Fjellturen tar vi igjen, men leika, det gjorde vi.
På ettermiddagen var vi å bada i Røde Kors bassenget med 33 grader! Vi leigde det ilag med Stine, Ottar Inge og Åshild. Heilt ypperlig!!:) Alle storkosa seg!! Heime venta sjokoladekaka eg baka før vi reiste, nam nam!!;)
Ha ei fin-fin veke! Det skal eg. Legen sa på fredag at det ikkje blir fødsel fyrste veka, so her er det berre å slappe av og avvente.....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar