søndag 24. april 2011

Påskeferie del 2

Det blei hyttetur på oss torsdag likevel. Heile familien var samla til ribbe-middag fyrst, og so gjekk vi på ski på hytta etterpå. Veret var heller surt, det regna, men heldigvis var temperaturen ok. På hytta var det 90 cm snø, so der var rikelig for å seie det sånn. Ungane fekk vere oppe og leike seg til klokka var halv ti, og etter dei kom i seng spelte vi vaksne kort og åt godteri. Koselig! Det var mykje folk i hyttene rundt, men vi holdt oss berre heime i vår hytte.



 
Fredagen var det strålande sol frå morgon til kveld. Nydelig dag i fjellheimen rett og slett!




Laurdag hadde fekk eg/vi besøk av tre av barndomsveninnene mine med familiar; Anne Marte, Helga Renate og Unni. Kjekt at ein får til å treffast inn i mellom :)

I dag søndag reiste vi frå Honndalen etter frokost. Det er alltid deilig å kome heim igjen, likevel om vi har storkosa oss på påskeferie. Vi fekk raka plen og ordna litt ute før vi reiste på grilling med Karl Idar og Nina. Der var vi til det var leggetid for ungane. Må begynne å få dei på rett leggetid igjen etter ferien. Snart er det tilbake til den harde kvardag igjen.

Må få kome med eit sitat frå Ingrid i dag: "Du mamma e brunast, og han pappa e slankast!" Jaja, sånn er livet, hehe!

Håper alle har hatt ei like flott påske som vi har :)

torsdag 21. april 2011

Påskeferie del 1

Endelig påskeferie! Deilig å skulle ha fri ei veke og slappe av og nyte livet :) Ferien starta med besøk av Elisabeth, Stein og Mathilde på fredag. Dei var med oss til søndag. Laurdag var Ingrid i 5 årsdag på leikeland til ei venninne, etter selskapet var ferdig inntok resten av gjengen leikeland, og vi var der i fleire timar til ungane si store glede. Det er veldig lenge sia vi var der sist.




Då gjengen reiste på søndag pakka vi i bilen og reiste til Fiskå. Der hadde vi fine dagar med familien til Geir. Ungane styrte på i fjøsen og var med å henta både høy og grus. Dei var også mykje ilag med søskenbarnet sitt Mathilde. Ein dag dei var ute å leika fann ho fram hageslangen deira og satte på og spylte både Ingrid og Henrik. En morsom ide, men det blei hyl og skrik etter kalddusjen og vi måtte gå nedigjen til farmora for å skifte på dei tørre kle. Det er forskjellige morsomme idear dissa små har :)




Vi var også innom brannstasjonen, for onkel Per er brannmann. Det blei tur med brannbilen og prøving av brannmannhjelm og anna. Henrik som elskar alt som har med brannmenn/brannstasjon å gjere var i himmelen :)



Onsdag gikk turen vidare til Honndalen. Geir, Ingrid og pappa gikk på ski på hytta, medan Henrik, eg og mamma var igjen nede. Eg slappa av inne medan mamma og Henrik styrte på ute. Eg har hatt nokre veldig rolige feriedagar, deilig!:) Magen vekse og no er eg i veke 34, kun 6 veker igjen til termin.



I dag skulle vi egentlig gå på hytta for å overnatte, men sidan det regnar i dag og er meldt strålande sol i morgon trur eg vi drøya det til i morgon med å reise opp. Er kjekkare å vere der oppe i solskinn.... Det blir i staden litt besøk hit og dit i dag. Mamma snakka om å lage ribbe (pinnekjøt) til middag og i dag, og det kan vi like :)

tirsdag 12. april 2011

Vennekveld og skidag på Strandafjellet

Laurdagskveld hadde vi besøk av Stine, Ottar Inge, Maja, Åshild, Ole Ivar, Trym, Bjørn Ove og Ida. Vi må nytte høve til å invitere og ha folk på besøk no før babyen kjem og gjerne snur opp ned på ting her i heimen :) Det var verfall veldig koselig!!

Søndag hadde jobben til Geir familiedag på Strandafjellet. Sidan det kun er Geir som er småbarnsfar på avdelinga var det kun vi som gjekk på langrenn. Veret var herlig med 9 plussgrader og delvis sol. Er so deilig no når vårfølelsen virkelig gjer sitt inntog. Herlig å kunne sleppe å ha ull på ungane og pakke dei heilt inn kvar gong vi skal ut for døra. Ungane har litt problem med å skjønne at det er leggetid når sola fortsatt skine, og klokka blir gjerne nærmare åtte før dei er i seng.

Eg jobbar fortsatt fullt, og det går greit. Søve litt dårligare på natta no, og må vel innrømme at eg gler meg til permisjonen starta 13.mai. Blir vertfall godt med påskeferie. Då skal vi vere litt her, nokre dagar i H.dalen og nokre daga på Fiskå.




Både Ingrid og Henrik syns det var kjempestas at Maja, Ottar Inge og Stine overnatta. Maja blei kosa med opp og ned føre :)