Det blei hyttetur på oss torsdag likevel. Heile familien var samla til ribbe-middag fyrst, og so gjekk vi på ski på hytta etterpå. Veret var heller surt, det regna, men heldigvis var temperaturen ok. På hytta var det 90 cm snø, so der var rikelig for å seie det sånn. Ungane fekk vere oppe og leike seg til klokka var halv ti, og etter dei kom i seng spelte vi vaksne kort og åt godteri. Koselig! Det var mykje folk i hyttene rundt, men vi holdt oss berre heime i vår hytte.
Fredagen var det strålande sol frå morgon til kveld. Nydelig dag i fjellheimen rett og slett!
Laurdag hadde fekk eg/vi besøk av tre av barndomsveninnene mine med familiar; Anne Marte, Helga Renate og Unni. Kjekt at ein får til å treffast inn i mellom :)
I dag søndag reiste vi frå Honndalen etter frokost. Det er alltid deilig å kome heim igjen, likevel om vi har storkosa oss på påskeferie. Vi fekk raka plen og ordna litt ute før vi reiste på grilling med Karl Idar og Nina. Der var vi til det var leggetid for ungane. Må begynne å få dei på rett leggetid igjen etter ferien. Snart er det tilbake til den harde kvardag igjen.
Må få kome med eit sitat frå Ingrid i dag: "Du mamma e brunast, og han pappa e slankast!" Jaja, sånn er livet, hehe!
Håper alle har hatt ei like flott påske som vi har :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar