Laurdagskveld hadde vi besøk av Stine, Ottar Inge, Maja, Åshild, Ole Ivar, Trym, Bjørn Ove og Ida. Vi må nytte høve til å invitere og ha folk på besøk no før babyen kjem og gjerne snur opp ned på ting her i heimen :) Det var verfall veldig koselig!!
Søndag hadde jobben til Geir familiedag på Strandafjellet. Sidan det kun er Geir som er småbarnsfar på avdelinga var det kun vi som gjekk på langrenn. Veret var herlig med 9 plussgrader og delvis sol. Er so deilig no når vårfølelsen virkelig gjer sitt inntog. Herlig å kunne sleppe å ha ull på ungane og pakke dei heilt inn kvar gong vi skal ut for døra. Ungane har litt problem med å skjønne at det er leggetid når sola fortsatt skine, og klokka blir gjerne nærmare åtte før dei er i seng.
Eg jobbar fortsatt fullt, og det går greit. Søve litt dårligare på natta no, og må vel innrømme at eg gler meg til permisjonen starta 13.mai. Blir vertfall godt med påskeferie. Då skal vi vere litt her, nokre dagar i H.dalen og nokre daga på Fiskå.
Både Ingrid og Henrik syns det var kjempestas at Maja, Ottar Inge og Stine overnatta. Maja blei kosa med opp og ned føre :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar