onsdag 8. september 2010

Herlig, herlig!

Eg som i sist innlegg skreiv at no var virkelig sommaren over, tok visst feil. No har vi hatt over ei veke med nydelig sol!! E so deilig!!:) Vi har vore mykje ute, gått litt på fjellet, legje på hytta og bada.

I dag har vi hatt fjelldag på trinnet vårt. Vi var vore på Veibustfjellet. Då eg låg på et berg på toppen og naut sola medan ungane leika gøyme og leite rundt meg tenkte eg at eg må ha verdens beste jobb, hehe! Elevane både gir og tar, men alt i alt e dei fantastiske å vere ilag med. Det er hektisk på jobben enda, med foreldremøte tirsdag og halvårsplanlegging i morgon ettermiddag. I tillegg planlegge vi oppsetting av musikalen Grease, og i dag blei rollene fordelt etter to timar lang audition i går. Trur det skal bli kjempe bra!:)

Geir har vore i heimevernet mandag-onsdag, so han har gjort en jobb for landet vårt denne veka ;)

Til helga skal vi på hytta til Ole Theodor i Stryn med go-gjengen. Gler oss!:)

Alle bildene er frå Hjortedalen. Vi var opp med hyttevatnet laurdagen, og i Blåbredalen søndag. Søndag gløymde vi kameraet, so bilder derifrå kjem ikkje før vi har fått dei som mamma tok der.
Det siste bilde er ikkje frå Hjortedalen, det er utsikta frå Solavågsfjellet :)

Ingen kommentarer: