mandag 7. november 2011

Fotografering og halloween...

No er ungane levert fine og klar for fotografering i barnehagen. Etter å ha vore i Honndalen sidan onsdag var det litt godt å kome heim igjen i går kveld. Julie søv, og eg legge bilder over frå kameraet til maskina. Vi tok prøvebilder før avreise i dag, men det er jammen ikkje lett å få dei til å smile og ha opna auger samtidig. Henrik har arva "Rygg-fenomenet" med å late att augene når han smiler til kameraet. Ingrid sa strengt til han ved frokostbordet i dag: "Henrik, du må ikkje smile når vi skal ta bilde ilag i dag, for då berre lata du igjen augene, og det skal ikkje du!" Hehe, ikkje berre lett. Sidan vi aldri har vore til fotograf sjølve (fy, fy for noken dårlige foreldre) håpar eg at bilda i barnehagen blir bra. Eg har ein plan om familiebilde neste sommar. Då er Julie blitt litt større, og familien er komplett :)




 "Verdens sterkaste!"
 Er det noken likskap?
Eg har prinsipielt vore imot Halloween heile tida, men i år rauk alle mine prinsipp... Ingrid kom heim frå barnehagen og var veldig oppsatt på å få gå. Eg sa at her i heimen likar vi bedre å bake Lucia-bollar og gå rundt og dele ut i gata, og det er ikkje så lenge til.... Dette gjekk liksom ikkje heilt inn, og eg sa dermed at ho kunne få lov til å gå ute i mørket aleine og spørr etter knask eller knep so mykje ho berre ville, men eg og Geir ville ikkje følge ho. Det fann ho no ut var litt for skummelt, og heile halloween saken blei i grunn lagt dø.... Heilt til nabojenta, storesøstra og ei venninne kom og ville ha med både Ingrid og Henrik til å gå i gata... Då hadde fru Berge igjen grunn til å holde dei heime, og eg måtte kle dei ut og måle dei med det vi hadde i hus. Etter kun kort tid kom dei heim med kvar si spann godteri. Heilt utrulige mengder berre etter å ha gått litt i gata her. Skjønnar godt at ungar vil gå Halloween når dei får so mykje godteri- MIDT i veka :) Ingrid kunne fortelle når dei var vel heime igjen at ; Du mamma hadde det dårligaste godteriet i heile gata". Hehe, sånn går det når ein er motstandar og kun har popcorn og gje. Neste år får eg handle inn noke betre sidan mine eigne ungar er ute å tiggar......

Ingen kommentarer: