Det er rart med det, plutselig blei eg og 30 år. Kom vel i grunn ikkje som noko sjokk, og eg har ikkje fått noke 30 års krise. Dei glade 20-åra har gjeve meg utruleg mykje, og det aller viktigaste er min herlige mann og våre 3 fantastiske ungar. 30 åra kan dermed på ingen måte kunne konkurrere med 20 åra. Likevel ser eg fram til dei neste åra. Vi konkluderte til og med under feiringa laurdag med at 40 åringa ofte seg freshare ut enn oss som er 30 og slitne av lite søvn og mykje jobb, so det er berre å gle seg til å bli 40 :)
Eg hadde i grunn bestemt meg for å ikkje ha noke feiring av den store dagen no, men ta det igjen ut på nyåret når Julie kan klare seg uten mammaen eit lite døgn. Men når dagen nærma seg syns eg det var for gale og ikkje gjere noken ting på bursdagen. Det kunne bli litt stusselig.... Det enda derfor oss med venneselskap fredagskvelden, og laurdagskvelden, familieselskap søndag på dagen, og besøk av barselsvenninnene mandag på dagen :) Mykje feiring altso, og eg angra ikkje. Har hatt ei heilt super helg!!!<3 Men- for dokke som føler at dokke er forbigått, slapp av, det kjem ei kjempefeiring når Julie skjønnar seg på det med å sove heile natta utan mat. Då skal alle bli invitert til storfest!!!:)
Fruen i huset fekk sin fyrste Irish coffee sidan sept.2010 :)
Steinar, Inghild, Ida, Ottar Inge, Synnøve, eg, Bjørn Ove, Ole T. og Ingvild. Stine og Hallvard var sjuke, og Maria var på bokgreier i Aurland. Ellers var gjengen samla <3
Randi med Adrian på fanget, Rune, Karl Idar, Nina, Jenny, eg med Julie på fanget, Åshild og Ole Ivar <3
Eg fekk kjempeflotte gåver og fine bukettar. TUSEN, TUSEN TAKK!!! Geir og ungane hadde lage krone til meg og <3
Søndag var det familieselskap. Emma er såååå glad i Julie, og vil helst holde, holde, holde, holde, holde :) Flinke!
Eva vil også kose litt :)
Tre trøtte jenter etter ein lang dag....
Mathilde leikar apekatt på onkel Bjørn :)
Då klokka passerte sju tusla Henrik seg ned på rommet sitt, bygde seg ei lita hytte, kraup under og sovna. Sånn går det når ein har vore "jobbe-mann" ei heil helg og hjelpt onklane med å grave tomt til ny fjøs på Fiskå. Han elskar alt som heiter traktor og gravemaskin, og er i himmelen når han får delta på alt gravearbeidet.
TUSEN TAKK FOR ALLE HELSINGAR, GÅVER OG GODE ORD TIL BURSDAGEN MIN!!:)
2 kommentarer:
GRATULERER MED OVERSTÅTT BURSDAG KRISTIN!!!!
Dette såg jo ut som ei verdig bursdagsfeiring det... :) Stas. Måtte det berre være like greit å bli 40 som 30, så skal vi vel ikkje klage nei... :) Eg syns det er heilt supert! :)
Kjekkt å sjå bloggen din... fine ungar, og alltid mykje spennande som skjer hos familien Berge! :)
Mvh Lena.
Tusen takk Lena!:) Satse på det går like lett med 40, men er litt usikker... 30 er bedre enn 40 ;) følger med deg og. Alltid kjekt å lese om alt kreative du finner på!!
Legg inn en kommentar