mandag 24. oktober 2011

Barnekor, bollebaking og kino

Ingrid og Nikoline (nabojenta vår) begynte på barnekor mandag. Det er eit kor frå 5 år og oppover, og dei to var dei einaste små. Ellers so var det 2 andreklassingar og 7 tiåringar. Jentene brydde seg ikkje om at dei var minst og rekte opp handa då det var spørsmål om noken ville synge solo. I løpet av den fyrste øvinga deira hadde dei dermed songe solo 3 gongar! hehe!!
Fredag var det planleggingsdag, og eg og ungane styrte heime. Henrik fekk besøk av to frå barnehagen, og vi laga derfor bollar og vafler på formiddagen. Dagen gjekk fort, og besøket reiste ikkje før Geir kom heim frå jobb.
 Ingrid forelska seg i denne stumtjenaren på Møbelringen, so eg lovde å legge ut bilde slik at kanskje noken kan huske på det når det er julegavetid ;)
Søndag hadde vi naboane på bollar og ettermiddagskaffi. Nikoline og Ingrid leika ilag heile dagen, og vi avslutta med at eg tok dei med på kino.

Eg fekk også bursdagsgåve på forskudd, nytt spisebord!!!!!:) Endelig!!:) Tusen takk <3

Ingen kommentarer: