mandag 10. oktober 2011

Keeperhelten Geir Berge gjer comeback

Den siste månaden, eller kanskje i dei to siste månadane har Geir so vidt vore med å trena litt med ÅVK igjen. Han hadde si storheitstid der då eg møtte han for mange år sidan ;) Han la skoa på hylla då vi fekk Ingrid, men har vel i grunn alltid sakna litt det gode miljøet som var på laget. Han har også syntes at det har vore dumt at ungane aldri har sett han spele kamp. Dette fekk han gjort noke med i helga :) Keeperen til ÅVK er skada, og Geir blei kalla inn til å gjere comeback. Stor stemning blant Ingrid og Henrik då dei skjønte at dei skulle få sjå pappsen spele kamp. Dei hadde litt problem med å skjønne at det var ÅVK, og ikkje Aafk han skulle spele på, og spurte stadig om kvifor det ikkje var "dei orange og blå" han skulle spele for......

Eg og ungane kjøpte papp og laga flotte plakatar med "Heia pappa og ÅVK" med både hjerter og stjerner på før vi reiste avgårde til Ulsteinvik laurdag for å overvære denne store happeningen :)

ÅVK vann 10-0, ein underholdane kamp for meg og ungane. Julie sov heile kampen, so eg og storeungane fekk heie i fred og ro. Ingvild og Maria kom også for å holde oss med selskap. Etter kampen feira vi seieren med pizza og brus med Ingvild og Ole Theodor.



Ingen kommentarer: