Dei siste dagane har vi hatt fint ver, og det er slett ikkje vanleg her. Vi har prøvd å utnytte dagane so godt som mulig, so torsdag inviterte eg alle 3-og 4 åringane på Henrik si avdeling på besøk. Dei var fyrst ute og leika, og so kom dei inn, åt nista si, leika og fekk vafler. Henrik var veldig stolt av å få besøk og delte villig av leikane sine. Både dei voksne og ungane i barnehagen syns det var kjekt å leike med litt andre leikar enn dei som er i barnehagen, og det var tårer frå enkelte av barnehageungane då dei måtte gå tilbake til barnehagen. Ingrid ville også ha besøk, so førskulegruppa hennar kom innom på muffins på ettermiddagen. Dei var berre ute å leika, for som førskulelærarane sa; Litt kaos med 27 regndressar i gangen her.... Det var vertfall kjekt med besøk,og ungane er velkommen tilbake.
Fredag gjekk eg og Julie lang tur med 3 andre mødre med babyar. Deilig med oppholdsver og sol!!!:)
Laurdag var det utflukt til Løveskogen. Der brukar Ingrid og førskulegruppa og vere fleire gongar i veka, og ho var veldig opptatt av at det var ho som var "Tursjef" denne turen. Henrik sykla, og Ingrid hadde eit fæla strev med å holde han bak seg på veien (ho trilla dukkevogn) og det var litt kjefting og klaging for å seie det sånn..... Når vi endelig kom fram til Løveskogen drakk vi kakao og åt kjeks. Vi hadde eigentleg tenkt å lage bål og grille pølser, men det var sånn vind at vi slo det frå oss. Vi angra litt då vi kom bort og såg kor koselig der var med eigen bålplass, men, men, sånn er det....
Ingrid og Henrik rappelerte, klatra i tre, silte på steinane og leika seg. Julie sov :)
Måtte berre legge inn eit bilde av lisjesnuppa vår og :)





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar