Fredagskveld kom Geir igjen frå Romania og kom inn i Honndalen. Då var han trøtt etter å ha vore lenge på reise. Men laurdag var han i full vigør igjen, og vi bestemte oss for å reise på hytta og ligge der. Besten hadde ein del material som han skulle ha brent opp, so vi bestemte oss for å lage bål i grushola på setra og grille. Alt berre velstand so langt. Planen var at klokka fem skulle bålet tennast slik at Mikal også fekk vere med på gildet. Klokka tre byrja det å regne, og det pøsregna då klokka var fem. Men har ein sagt at ein skal ha bål og grille, so skal ein det....
Ein annan viktig happening i Honndalen var at Ingrid og Henrik fekk seg kvar sin pus som skal bu med besta og besten. Henrik døypte sin pus "Brannmann Sam" (BOMBE?!:)) og Ingrid kalla sin "Mia".
1 kommentar:
Haha! første katten eg har hørt om som heiter Brannmann Sam. Kult det. Rekna med det hadde blitt batman og spiderman viss vi hadde fått 2 kattar..
:)
Legg inn en kommentar