18.september vart Julie døypt i Indre Sula kyrkje. Sola skein til ei forandring, og la ei flott ramme rundt dagen. Julie var ikkje verre på det, so ho skein om kapp med sola. Gudstenesta var i overkant lang, men ungane forheldt seg overraskande nok rolig, utan både kjeks og drops til å korte ned tida med ;)
Julie var veldig opptatt av å drage i silkesløyfa, so den fekk aldri vere i fred. Kjolen er laga av besta til onkel Knut Ove sin dåpsdag, og har vore brukt av både Ingrid og Henrik.
Ingrid fekk gå aller fyrst inn i kyrkja, for ho bar dåpsvatnet. Dette hadde ho sett ei anna barnehagejente gjere i dåpen til sin lillebror, so det var det største ønske for dagen at ho og skulle få lov til å gjere. Det var tre dåpsjenter denne dagen, og Julie var den siste som blei døypt. Som de ser av bilda var ho våken, blid og opptatt av å få med seg det som skjedde.
Stein, Elisabeth, Stine og Ottar Inge var faddrar. Anders Grytten var prest.
her er heile bøtteballetten samla utanfor skulen der eg jobbar. Vi hadde middagen og kaffien på personalrommet der. Heilt genialt, spesielt med tanke på at ungane kunne boltre seg i gymsalen. Vi merka nesten ikkje at det var i dåpen...
Litt photosession sjølvsagt....
Vårt siste, gode gull <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar