tirsdag 4. oktober 2011

Haustferie

Geir var i Romania igjen forrige veke, so då tok eg og ungane oss ein haustferie i Honndalen. Det var veldig mildt og fint torsdag og fredag so då var vi ute heile dagane og leika. Besta passa Mikal desse to dagane so vi fekk sjå mykje til han og. Snille, gode søskenbarnet.....

Vi var også på besøk med Anne Marte og ungane, der vi også traff høggravide Marianne og søte Alida. Mykje gravide og nybakte mødre rundt oss no. Randi og Rune fekk ein gut 27.sept, og i går 3.oktober fekk Ida og Bjørn Ove ein liten gut. Kjekt med mange ungar i vennegjengen!

 Epleplukking i sola


 Honndalsidyll....

Ingrid leikar butikk.

Ingen kommentarer: