onsdag 12. oktober 2011

Vi treng ein manager!:)

Laurdag etter kampen reiste vi til Fiskå. Der var gjengen frå Hovdebygda og. Ungane underheldt med song, gitar- og blokkfløytespeling, so no treng vi berre ein manager før vi kan starte "The Berge familiy"-bandet. Blir mykje likt The Kelly familly som herja på 90-tallet vil eg tru;)
Vi overnatta med Stein og Elisabeth, og eg og Geir var so heldig at alle ungane ville ligge på rom med oss inne på loftstova. Det tok litt tid før dei fann roen, men klokka ti var det vertfall stilt. Og stilt var det til Ingrid bråvåkna litt før sju og måtte hive seg rundt og kome seg i fjøsen :) Vi andre slapp unna fjøsstellet og fekk ligge litt lenger....

Ingen kommentarer: