Vi, og mamma og pappa har hatt ei fantastisk flott veke på Bahia Feliz. Det har vore strålande sol heile veka, og det har vore opp mot 40 grader i sola kvar dag. Heldig for oss var der ein svalande vind som gjorde det levelig ved bassengkanten. Vi åt frokost og gjekk deretter rett til bassengområdet kvar dag. Herlig!!:) No snakkar ikkje eg heilt sant. Vi hadde oss ein dag på Amadores stranda og til Puerto Rico og såg oss om. Svett og sandette tur....
Vi hadde All inklusive og det var vi i grunn veldig fornøgde med. Deilig å kunne ete og drikke heile dagane uten å tenke på pengar og på det å pakke i hop og gå på restaurant. Her drog vi berre på oss shortsen utanpå bikinien og gjekk og åt. Der var også ein buffet som var i det opne området som vi kunne spasere inn og hente mat og drikke fra og ta med ut i solstolen.
Trygt og godt hotellområde. Anbefalast for småbarnsfamiliar. Ungane storkosa seg!
Ingrid og Henrik var på dansekurs med ABS Show kids, og Ingrid opptredde på scena på kvelden.
Damene på turen!:)
Og karane :)
"Har du en euro?!" Favoritt uttrykket til Henrik på turen. Han la sin elsk på biljard og eit anna spel som kosta 1 euro.
Ingrid fletta halve håret <3 p="p">
Herlig med ferie, det kan vi konkludere med!:) No er Geir reist til Brasil på jobbtur, Julie har feriemage og må vere heime frå barnehagen i morgon. Henrik skal på øre-nese-hals på sjukehuset tirsdag og Julie på helsestasjonen fredag. Tilbake til kvardagen sa du?! Jepps! ;)
3>
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar