mandag 13. juni 2011

Medan vi ventar....

I dag har eg hatt to små hjelpera som både har vaska speil og bil :) Om det blei so mykje reinare veit ikkje eg, men det var ingenting å seie på innsatsen og den gode tanken vertfall <3



Herlig med litt sol og varme slik at vi kunne vere ute i heile dag. Har hatt besøk omtrent i heile dag. Fyrst kom Rune og Amalie, deretter Sivert med foreldre og søster (barnehage-bestekompisen til Henrik) og so kom Åshild, Ole Ivar og Trym. Vi har kosa oss med kake, vafler og is ute. Mamma og pappa var her i går, og mamma satte igjen oreo-kaka si, so det passa fint :)


Onsdag var det sommaravslutning på avdelinga til Ingrid. På grunn av dårlig ver måtte vi vere inne. Her er Ingrid blomsterjente under "Blomster små, gule, blå...."


I dag er det ni dagar sidan den berømte terminen min, men det er ingen tegn til at babyen vil ut. Eg har vore på to overtidskontrollar på sjukehuset, men so lenge både eg og babyen er i fin form blir ikkje fødselen satt i gang der før torsdag. Kjenner at det begynner å bli tyngre, magen er ikkje akkurat liten og snerten for å seie det sånn. Men- tross alt, den fysiske forma mi er veldig bra, er berre det at eg er begynt å bli lei av å vente... blir so rastlaus, vil no helst ha gullet i armane no, ikkje i magen....


1 kommentar:

Fam. Erdal sa...

Du ser no flotte ut, Kristin!
Bra at dokke har energi te å få gjort litt i mens.. hehe :)
Eg e heime med Simen i dag. Eg som e slappast trur eg.. Han spydde i går, eg e kvalme i dag. Berre psykisk, mon tro?? ;)
Kjekt å sjå på bloggen din. Gleda meg te baby-bilder no snart!

klems.