onsdag 27. januar 2010

Jenny Mari og Anna Othile på besøk

Denne helga blei Karl Idar 30 år, og det kunne vi ikkje gå glipp av. Vi hyra inn ungjenter (Jenny Mari er fadderbarnet mitt, og dattera til søskenbarnet mitt) frå Honndalen til å vere med oss frå fredag til søndag. På den måten ville dei bli godt kjent med ungane til vi skulle vere vekk laurdagskveld. Det holdt nesten på å gå gale då Henrik blei sjuk torsdag, men heldigvis blei han fort frisk og vi fekk reise i selskap. Ungane syns det var kjempe stas med besøk!
Bursdagsfeiringa var kjempe artig, so vi er veldig glade for at vi fekk vere med på den :)
Det er flott å bu i enden av en veg når det e so bra akeføre i veien. Vi er ofte å renne der. Her e det Jenny Mari og Henrik, og Anna Othilie og Ingrid som er i farta. Her leika dei frisør.

Ingen kommentarer: