mandag 29. august 2011

Prinsessa

 Julie er blitt 10 veker og veks og trivast. Gode jenta vår <3
 Ingrid fekk lov å prøve å ha ho i barnevogna då vi var i Hovdebygda på besøk med Nongyao, Eva og Emma. Ingrid overnatta der forrige helg, og sa då vi kom å henta at ho ville overnatte der kvar laurdag, hehe!
 Fredag skal eg på blåtur med jobben, so no må vi starte flasketreninga. Ho tok flaska fint då eg var i 30 års dag nokre timar sist helg, og jammen tok ho den då eg og ga. Lovar bra for fredagen. Då blir eg vekk frå halv seks til to-tre på natta. Og kor vi er, veit ikkje eg :)
Mamma og pappa kom opp fredag og var til søndag. Laurdag var vi i sentrum på matfestivalen og innom Moa på shopping. Ungane fekk lurt ut av besteforeldra litt av kvart ;)

Denne veka er det foreldremøte og barseltreff. I dag har eg trilla tur med naboen vår Lise, dei har ei lita jente som er 5 dagar større enn Julie. Koselig! Har ein plan om trilletur med 3 andre som er i permisjon her i morgon, men no ser ikkje akkurat veret so bra ut so vi får sjå kva det blir til.

Ha ei fin-fin veke folkens!

Ingen kommentarer: