Jammen rekk ein mykje på fire veker ferie :) Skulle ikkje tru vi akkurat var blitt trebarnsforeldre.... vi har farta rundt som aldri før. Ungane er veldig greie å ha med i både bilen 
og på campinghytter rundt omkring. Vi er blitt veldig god på "Tipp ka farge det e på neste bil" og lesing av kart i NAF-boka i løpet av ferien :)
Hunderfossen var ein suksess, og vi var der frå det opna til det stengte. Der var ganske lite folk so ungane fekk følge det dei ville utan kø. For vår del var ein dag nok, følte ikkje behov for noken "dag 2-billett".
Er ikkje kvar dag fru Berge set seg inn i ein traktor, så dette var ganske spesielt ;)
Og Geir fekk eg nesten ikkje med meg vidare frå gravemaskinene.....
På campingen var det badebasseng, kjekt, men det regna so det blei eit kort bad.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar