mandag 10. oktober 2011

Keeperhelten Geir Berge gjer comeback

Den siste månaden, eller kanskje i dei to siste månadane har Geir so vidt vore med å trena litt med ÅVK igjen. Han hadde si storheitstid der då eg møtte han for mange år sidan ;) Han la skoa på hylla då vi fekk Ingrid, men har vel i grunn alltid sakna litt det gode miljøet som var på laget. Han har også syntes at det har vore dumt at ungane aldri har sett han spele kamp. Dette fekk han gjort noke med i helga :) Keeperen til ÅVK er skada, og Geir blei kalla inn til å gjere comeback. Stor stemning blant Ingrid og Henrik då dei skjønte at dei skulle få sjå pappsen spele kamp. Dei hadde litt problem med å skjønne at det var ÅVK, og ikkje Aafk han skulle spele på, og spurte stadig om kvifor det ikkje var "dei orange og blå" han skulle spele for......

Eg og ungane kjøpte papp og laga flotte plakatar med "Heia pappa og ÅVK" med både hjerter og stjerner på før vi reiste avgårde til Ulsteinvik laurdag for å overvære denne store happeningen :)

ÅVK vann 10-0, ein underholdane kamp for meg og ungane. Julie sov heile kampen, so eg og storeungane fekk heie i fred og ro. Ingvild og Maria kom også for å holde oss med selskap. Etter kampen feira vi seieren med pizza og brus med Ingvild og Ole Theodor.



tirsdag 4. oktober 2011

Ut på tur aldri sur

Fredagskveld kom Geir igjen frå Romania og kom inn i Honndalen. Då var han trøtt etter å ha vore lenge på reise. Men laurdag var han i full vigør igjen, og vi bestemte oss for å reise på hytta og ligge der. Besten hadde ein del material som han skulle ha brent opp, so vi bestemte oss for å lage bål i grushola på setra og grille. Alt berre velstand so langt. Planen var at klokka fem skulle bålet tennast slik at Mikal også fekk vere med på gildet. Klokka tre byrja det å regne, og det pøsregna då klokka var fem. Men har ein sagt at ein skal ha bål og grille, so skal ein det....



 Ein annan viktig happening i Honndalen var at Ingrid og Henrik fekk seg kvar sin pus som skal bu med besta og besten. Henrik døypte sin pus "Brannmann Sam" (BOMBE?!:)) og Ingrid kalla sin "Mia".

Haustferie

Geir var i Romania igjen forrige veke, so då tok eg og ungane oss ein haustferie i Honndalen. Det var veldig mildt og fint torsdag og fredag so då var vi ute heile dagane og leika. Besta passa Mikal desse to dagane so vi fekk sjå mykje til han og. Snille, gode søskenbarnet.....

Vi var også på besøk med Anne Marte og ungane, der vi også traff høggravide Marianne og søte Alida. Mykje gravide og nybakte mødre rundt oss no. Randi og Rune fekk ein gut 27.sept, og i går 3.oktober fekk Ida og Bjørn Ove ein liten gut. Kjekt med mange ungar i vennegjengen!

 Epleplukking i sola


 Honndalsidyll....

Ingrid leikar butikk.

Barnedåp 18.september

18.september vart Julie døypt i Indre Sula kyrkje. Sola skein til ei forandring, og la ei flott ramme rundt dagen. Julie var ikkje verre på det, so ho skein om kapp med sola. Gudstenesta var i overkant lang, men ungane forheldt seg overraskande nok rolig, utan både kjeks og drops til å korte ned tida med ;)

 Julie var veldig opptatt av å drage i silkesløyfa, so den fekk aldri vere i fred. Kjolen er laga av besta til onkel Knut Ove sin dåpsdag, og har vore brukt av både Ingrid og Henrik.
Ingrid fekk gå aller fyrst inn i kyrkja, for ho bar dåpsvatnet. Dette hadde ho sett ei anna barnehagejente gjere i dåpen til sin lillebror, so det var det største ønske for dagen at ho og skulle få lov til å gjere. Det var tre dåpsjenter denne dagen, og Julie var den siste som blei døypt. Som de ser av bilda var ho våken, blid og opptatt av å få med seg det som skjedde.
 Stein, Elisabeth, Stine og Ottar Inge var faddrar. Anders Grytten var prest.
 her er heile bøtteballetten samla utanfor skulen der eg jobbar. Vi hadde middagen og kaffien på personalrommet der. Heilt genialt, spesielt med tanke på at ungane kunne boltre seg i gymsalen. Vi merka nesten ikkje at det var i dåpen...
 Litt photosession sjølvsagt....
Vårt siste, gode gull <3

Det var lenge sia...

Fikk nesten sjokk no når eg kika innom bloggen og såg kor lenge det var sidan eg sist hadde oppdatert den. Trudde ikkje det var sooo lenge sia.... Jaja, eg skal skjerpe meg! Tida går so utrulig fort med tre småtroll i hus :) Mykje som skjer heile tida. Julie har variert litt i sovemønster og, so det har ikkje vore kvar dag eg har vore like utkvilt for å seie det sånn. Merkar at ho er ei litt meir aktiv frøken enn dei to andre var. Ho her vil opp og fram for å seie det slik, ho vil ikkje ligge i ro og vere baby :) Ho rulla allerede då ho var sju veker, og sidan den gong ligg ho aldri i ro.  Men ho er stort sett ei blid og fornøgd lita trulte, god som gull <3

I september hadde verdens beste Emma bursdag, ho blei 3 år, og vi fekk kome i Hovdebygda å feire!
Geir har vore på fleire utanlandsturar i jobbsamanheng dei siste månadane so han var ikkje med oss. Han var i Romania i staden.
 Gullejenta!
 Linn Victoria ville holde Julie for fyrste gong, so det var veldig kjekt.
Farmor hadde også bursdag i september, so det blei litt feiring av ho og. Det er mange september bursdaga i fam. Berge.
Farfar og Julie

mandag 29. august 2011

Prinsessa

 Julie er blitt 10 veker og veks og trivast. Gode jenta vår <3
 Ingrid fekk lov å prøve å ha ho i barnevogna då vi var i Hovdebygda på besøk med Nongyao, Eva og Emma. Ingrid overnatta der forrige helg, og sa då vi kom å henta at ho ville overnatte der kvar laurdag, hehe!
 Fredag skal eg på blåtur med jobben, so no må vi starte flasketreninga. Ho tok flaska fint då eg var i 30 års dag nokre timar sist helg, og jammen tok ho den då eg og ga. Lovar bra for fredagen. Då blir eg vekk frå halv seks til to-tre på natta. Og kor vi er, veit ikkje eg :)
Mamma og pappa kom opp fredag og var til søndag. Laurdag var vi i sentrum på matfestivalen og innom Moa på shopping. Ungane fekk lurt ut av besteforeldra litt av kvart ;)

Denne veka er det foreldremøte og barseltreff. I dag har eg trilla tur med naboen vår Lise, dei har ei lita jente som er 5 dagar større enn Julie. Koselig! Har ein plan om trilletur med 3 andre som er i permisjon her i morgon, men no ser ikkje akkurat veret so bra ut so vi får sjå kva det blir til.

Ha ei fin-fin veke folkens!

tirsdag 16. august 2011

IKEA og Fiskåtur

Etter at alle i familien hadde fått sine ønsker om ferie innfridd fekk endelig ho mor sjølv bestemme. Då blei det tur på IKEA :) Vi overnatta på ein kjempe koselig camping i Oppdal, Granmo camping.

 Og vi fylde opp bilen, og på heimvegen tenkte eg "Skal jammen ikkje bli so lenge til neste IKEA tur"






Slåtten er starta på Fiskå og Geir ville bruke sine siste feriedagar på å hjelpe til. Eg kosa meg med tanteungar, kjekke svigerinner og tantene til Geir :) Laurdagskveld reiste vi oppatt for å gjere oss klar for Ingrid si feiring av 5 årsdagen med veninner og kompisar frå barnehagen og gata som skulle vere søndag.

Og vips so var ferien over for i år......