mandag 24. oktober 2011

Barnekor, bollebaking og kino

Ingrid og Nikoline (nabojenta vår) begynte på barnekor mandag. Det er eit kor frå 5 år og oppover, og dei to var dei einaste små. Ellers so var det 2 andreklassingar og 7 tiåringar. Jentene brydde seg ikkje om at dei var minst og rekte opp handa då det var spørsmål om noken ville synge solo. I løpet av den fyrste øvinga deira hadde dei dermed songe solo 3 gongar! hehe!!
Fredag var det planleggingsdag, og eg og ungane styrte heime. Henrik fekk besøk av to frå barnehagen, og vi laga derfor bollar og vafler på formiddagen. Dagen gjekk fort, og besøket reiste ikkje før Geir kom heim frå jobb.
 Ingrid forelska seg i denne stumtjenaren på Møbelringen, so eg lovde å legge ut bilde slik at kanskje noken kan huske på det når det er julegavetid ;)
Søndag hadde vi naboane på bollar og ettermiddagskaffi. Nikoline og Ingrid leika ilag heile dagen, og vi avslutta med at eg tok dei med på kino.

Eg fekk også bursdagsgåve på forskudd, nytt spisebord!!!!!:) Endelig!!:) Tusen takk <3

Julie er begynt å åle seg !:)

Aktive og flinke snuppa vår er allereide begynt å åle seg litt dit ho vil. Her er eit eksempel der eg la ho ned på matta, og etter litt hard jobbing var ho komt langt ut på golvet. Ho er akkurat fylt 4 mnd og ho rullar og ålar seg :)
 Vi begynte so vidt med graut denne veka og. Litt skeptisk ja, men det går betre og betre dag for dag. Henrik og Ingrid syns det er stilig at ho begynne å ete kveldsmat ilag med dei.

Hipp hurra for Maja 1 år

Torsdag blei gode Maja 1 år. Vi var invitert til selskap med Stine og Ottar Inge, og vi kosa oss.

 Maja var super-blid og likte både pakkane og all oppmerksomheten.
 Julie var veldig interessert i alle leikane Maja fekk, og ho prøvde å få tak i det meste.
 Ingrid hjalp til med oppakkinga.
Blid far og datter! Legg merke til den flotte Ariel-kaka Ottar Inge hadde laga til bursdagsbarnet ;) Flinke!

søndag 16. oktober 2011

Tarzan and Jane i Løveskogen

Dei siste dagane har vi hatt fint ver, og det er slett ikkje vanleg her. Vi har prøvd å utnytte dagane so godt som mulig, so torsdag inviterte eg alle 3-og 4 åringane på Henrik si avdeling på besøk. Dei var fyrst ute og leika, og so kom dei inn, åt nista si, leika og fekk vafler. Henrik var veldig stolt av å få besøk og delte villig av leikane sine. Både dei voksne og ungane i barnehagen syns det var kjekt å leike med litt andre leikar enn dei som er i barnehagen, og det var tårer frå enkelte av barnehageungane då dei måtte gå tilbake til barnehagen. Ingrid ville også ha besøk, so førskulegruppa hennar kom innom på muffins på ettermiddagen. Dei var berre ute å leika, for som førskulelærarane sa; Litt kaos med 27 regndressar i gangen her.... Det var vertfall kjekt med besøk,og ungane er velkommen tilbake.

Fredag gjekk eg og Julie lang tur med 3 andre mødre med babyar. Deilig med oppholdsver og sol!!!:)

Laurdag var det utflukt til Løveskogen. Der brukar Ingrid og førskulegruppa og vere fleire gongar i veka, og ho var veldig opptatt av at det var ho som var "Tursjef" denne turen. Henrik sykla, og Ingrid hadde eit fæla strev med å holde han bak seg på veien (ho trilla dukkevogn) og det var litt kjefting og klaging for å seie det sånn..... Når vi endelig kom fram til Løveskogen drakk vi kakao og åt kjeks. Vi hadde eigentleg tenkt å lage bål og grille pølser, men det var sånn vind at vi slo det frå oss. Vi angra litt då vi kom bort og såg kor koselig der var med eigen bålplass, men, men, sånn er det....

Ingrid og Henrik rappelerte, klatra i tre, silte på steinane og leika seg. Julie sov :)






 Måtte berre legge inn eit bilde av lisjesnuppa vår og :)

onsdag 12. oktober 2011

Vi treng ein manager!:)

Laurdag etter kampen reiste vi til Fiskå. Der var gjengen frå Hovdebygda og. Ungane underheldt med song, gitar- og blokkfløytespeling, so no treng vi berre ein manager før vi kan starte "The Berge familiy"-bandet. Blir mykje likt The Kelly familly som herja på 90-tallet vil eg tru;)
Vi overnatta med Stein og Elisabeth, og eg og Geir var so heldig at alle ungane ville ligge på rom med oss inne på loftstova. Det tok litt tid før dei fann roen, men klokka ti var det vertfall stilt. Og stilt var det til Ingrid bråvåkna litt før sju og måtte hive seg rundt og kome seg i fjøsen :) Vi andre slapp unna fjøsstellet og fekk ligge litt lenger....

mandag 10. oktober 2011

Keeperhelten Geir Berge gjer comeback

Den siste månaden, eller kanskje i dei to siste månadane har Geir so vidt vore med å trena litt med ÅVK igjen. Han hadde si storheitstid der då eg møtte han for mange år sidan ;) Han la skoa på hylla då vi fekk Ingrid, men har vel i grunn alltid sakna litt det gode miljøet som var på laget. Han har også syntes at det har vore dumt at ungane aldri har sett han spele kamp. Dette fekk han gjort noke med i helga :) Keeperen til ÅVK er skada, og Geir blei kalla inn til å gjere comeback. Stor stemning blant Ingrid og Henrik då dei skjønte at dei skulle få sjå pappsen spele kamp. Dei hadde litt problem med å skjønne at det var ÅVK, og ikkje Aafk han skulle spele på, og spurte stadig om kvifor det ikkje var "dei orange og blå" han skulle spele for......

Eg og ungane kjøpte papp og laga flotte plakatar med "Heia pappa og ÅVK" med både hjerter og stjerner på før vi reiste avgårde til Ulsteinvik laurdag for å overvære denne store happeningen :)

ÅVK vann 10-0, ein underholdane kamp for meg og ungane. Julie sov heile kampen, so eg og storeungane fekk heie i fred og ro. Ingvild og Maria kom også for å holde oss med selskap. Etter kampen feira vi seieren med pizza og brus med Ingvild og Ole Theodor.



tirsdag 4. oktober 2011

Ut på tur aldri sur

Fredagskveld kom Geir igjen frå Romania og kom inn i Honndalen. Då var han trøtt etter å ha vore lenge på reise. Men laurdag var han i full vigør igjen, og vi bestemte oss for å reise på hytta og ligge der. Besten hadde ein del material som han skulle ha brent opp, so vi bestemte oss for å lage bål i grushola på setra og grille. Alt berre velstand so langt. Planen var at klokka fem skulle bålet tennast slik at Mikal også fekk vere med på gildet. Klokka tre byrja det å regne, og det pøsregna då klokka var fem. Men har ein sagt at ein skal ha bål og grille, so skal ein det....



 Ein annan viktig happening i Honndalen var at Ingrid og Henrik fekk seg kvar sin pus som skal bu med besta og besten. Henrik døypte sin pus "Brannmann Sam" (BOMBE?!:)) og Ingrid kalla sin "Mia".