søndag 18. april 2010

Elisabeth vart drukka ut!:)

22.mai skal Elisabeth og Stein gifte seg på Fiskå. Forrige helg var Geir på Hemsedal i utdrikkingslag til Stein, og denne helga var det min tur til å drikke ut Elisabeth. Dette var en veldig kjekk dag med god frokost, SPA time til bruda, glassblåsing, lunsj og pub og til pub runde. Eg tok det ganske rolig sia Henrik har vore sjuk heile veka med omgangssyke, og eg og Geir har hatt influensa. Håpe virkelig neste veke blir ei friskare veke....

onsdag 7. april 2010

Gode jentene!:)

Fredag hadde vi venninnene frå Eid vidaregåande treff med Ann Serine. Ikkje alle kunne kome, men vi blei en god gjeng likevel. Det er rart å tenke på at det er 10 år sidan vi var russ ilag. Føle ikkje det er so lenge sia vi susa rundt i Vorsbilen vår og gjorde mykje sprell :) Jammen var det kjekt på vgs., og jammen er det kjekt at vi fortsatt klara å treffe kvarandre eit par gongar i året. Denne gongen var også ungane våre med. Artig å sjå kor dei vekse til og bli berre søtare og søtare. Veldig koselig å sete å småprate med (dei no voksne)snuppene mine igjen og ;)
Her er Nemine (med ryggen til) som er jenta til Katrine, Nicolas i vippestolen og Noah i stripette genser er gutane til Ann Serine, Balder som set ved sida av Noah er guten til Siri Anette, Ingrid er på plass, men Henrik var for opptatt med leikekjøkkenet til å bli med på bilde. Guten til Åshild, Trym, set i bilstolen, og Kaja med hjerte på kjolen er jenta til Hilde.

Vi laga litt mat kvar og hadde med. Blei en herlig lunsj :) Hilde bur på Eid, Katrine i Skien, Mari i Bodø, Åshild i Ålesund, Siri Anette i Trondheim og Ann S på Eid. Litt her og der altso :)

Herlig å sjå kor ungar leikar seg ilag likevel om dei ikkje kjenner kvarandre!

Sidan vi skulle rett til Fiskå etter besøket var Geir med. Han kjenner Frode (mannen til Ann Serine) frå då dei også budde i Ålesund, so det passa fint. Her er guttegjengen i stova å leika med "store-leikane".

Nemine og Katrine

Siri og Balder beundrar Trym.

søndag 4. april 2010

Fiskå-påske

Vi kom til Fiskå på fredag og var til søndag. Det blei dessverre tatt litt lite bilder, men vi kosa oss stort ilag med resten av gjengen der. Laurdag var den store dagen med feiring av Sigrun, tanta til Geir, sin 60 årsdag. Ho hadde invitert familie og venner til hyggelig selskap i feriehuset sitt på Fiskå.
JUBILANTEN! Snille, barnevennlige Sigrun!!:)
Ingrid ser litt alvorlig ut, men det hadde ho ingen grunn til. Ungane hadde det bra og Ingrid framførte til og med song til jubilanten. Ho song "På Golgata sto det ein kross...." :)
Geir hadde laga et flott dikt som han framførte.
Henrik hadde med seg to traktorar, so han hadde nuk å styre med.
Her er det komande brudeparet Elisabeth og Stein med Mathilde. Dei skal gifte seg 22.mai, og vi gler oss stort. Ingrid og Henrik har vore mykje opp med Mathilde å leika i helga. Kjekt med gode søskenbarn!

Honndalspåske

Vi kom i Honndalen mandagsettermiddag. Geir hadde ein travel innspurt på påska med jobbing både laurdag og søndag for å bli ferdig med eit prosjekt. I Honndalen var dagane fulle av aktivitetar. Måndagskveld gjekk eg tur ilag med Helga Renate og Unni, tirsdag var vi på ski på hytta på dagen og på ost og vin ut med Anne Marte på kvelden. Der var ho, eg, Anne Lise og Helga Renate. Vi sat å mimra tilbake til barndommen heilt til klokka var halv to. Kjempe koselig! Onsdag reiste vi en tur til Stryn so Geir fikk kjøpe seg ny Moods-genser, og på kvelden fekk vi besøk av Ove og Oddrun. Torsdag pakka vi sekkane og labba avgårde på hytta for å overnatte. Der fekk vi besøk av Unni og Frode. Fredag var det treff med vgs.venninnene på Eid. Supert å få treffe dei igjen!!:)

Søskenkjærlighet....
Vi gjekk tur på hytta tysdag, og frå torsdag til fredag overnatta vi. Henrik fekk prøve systra sine ski for fyrste gong, og det var veldig svært. Fyrst var det litt tørrtrening på platten før han og Geir tok seg ein liten tur i løypa og nokre gongar ned ein bakke.

Vi grilla pølser og hamburger, men sia sola ikkje var framme åt vi inne.
Hyttekos!
Henrik er "besten-dalt" som Ingrid seier. Her er det kosing i stolen før vi skulle reise fredag.


Og "besta-dalten" får håret ordna før avreise :)

lørdag 27. mars 2010

Det er vår!!:)

Det er so deilig no når snøven sakte, men sikkert forsvinn frå plenen. I dag skine sola og vi har vore ute å leika oss. Geir har et prosjekt som må bli ferdig før han kan ta påskeferie, so han jobbar i dag og. I påska skal vi vere litt her og litt der sånn som vanlig. Vi blir heime nokre dagar før vi reiser en tur i H.dalen og forhåpentligvis hytta etterkvart. Neste helg skal vi i 60 års dag til Geir si tante, so då blir det Fiskå-helg. Ei veke går so fort..... Gjer seg vertfall med ferie no. Eg er litt sleten etter alle kontaktmøta på jobb, og Ingrid er sleta etter å ha vore i barnehagen igjen etter sjukdom.
Er jammen ikkje lenge til vi skal i bryllup til Stein og Elisabeth heller, no begynne eg å telle ned til den store dagen 22.mai :) Blir so flott atte!
Sia sist har det skjedd litt av kvart. Vi har vore på leikeland, babybesøk, påskefest i b.hagen og bursdagsfeiring i Stryn. Her kjem nokre glimt: Henrik slappar av med restar av påskegodtet etter å ha vore ute å leika. Han er blitt veldig flink til å prate no. I barnehagen får han mykje skryt for å vere tidlig, spesielt motorisk, men også språklig. Ingrid har pynta opp krona som dei laga til påskefesten i barnehagen og er god fornøgd med eigen innsats. I går kveld kom påskeharen innom. Han hadde laga til ei "leite-løype" som ungane måtte gå før dei fann dei gøymde påskeegga. Stor stas!:) Det er minimalt med påskepynt her i heimen, det er stort sett det som Ingrid har produsert som pyntar opp. Her pyntar ho ei grein som eg fekk av ein kollega med små påskeegg. Blei stilig! Forrige helg var vi på hytta til Ole T.Hovden og co og feira en noke forsinka 30 års dag for Bjørn Ove. Det var Ida som sto bak forslaget og Bjørn Ove visste ingenting før han kom. Det var ei veldig kjekk helg med gode vennar. Ingrid og Henrik var igjen i H.dalen med besta og besten. Hovden er ein konge på kjøkkenet! Her er vi på leikeland. Ungane leika seg fint og Henrik tok store sklia aleine--galning!:)
Kveldskos :)
Endelig kom babyen til Åshild og Ole Ivar. Vi hadde gledd oss til litt babykos både eg og Ingrid, og det fikk vi jammen. Trym var snill og låg lenge å kosa seg på fanget til Ingrid.

lørdag 6. mars 2010

Heimehelg

Det er ikkje kvar helg vi er heime, det har dei fleste sikkert skjønt. Denne helga skulle vi på Bjorli ilag med Karl Idar og Nina med familie, men det kunne vi desverre ikkje likevel. Henrik har hatt feber, vore slapp og uten matlyst sidan før forrige helg. Han har vore litt heime denne veka, og vi var til legen med han for å finne ut kva det kunne vere. Det var berre ein eller annan virusinfeksjon, so var berre å vente tolmodig på bedring. I går kom matlysta so smått tilbake, og vi ser at det går rette vegen. Vi fekk nabokatten på besøk i dag, til stor glede for ungane! Geir håpa at dei styra sånn med katten at han blei skremd vekk frå å kome hit å legge igjen ekskrementa sine igjen, hehe! I dag var Ingrid også i den fyrste barnhage-venninne bursdagen. 7 jenter og 3 gutar var samla, og det var stor stas! Der var både pølse med brød, gele, sjokoladepudding, is, kaker og godtepose. Kan det bli bedre??!:) I morgon skal eg og Ingrid i kyrkja og opptre med familiekoret. Vi har ikkje vore på so kjempe mange øvingar so eg er no spent på om vi hugsa tekstane. Spennande blir det vertfall. Og til alle som har høyrt meg synge: Eg skal ikkje synge so høgt at eg øydelegge for koret ;)

mandag 1. mars 2010

Vinterferie

Vi avslutta ferien i går med å feire Bjørn sin bursdag i Hovdebygda. Der var vi, Stein og co og Gudveig og Odd Inge. Ingrid gledde seg veldig til å treffe Eva igjen. "E berre ELSKA Eva" proklamerte ho før avreise :) Ungane leika seg veldig fint ilag.
Lisje søte Emma! Vi blei der inne heilt til kvelds, so ungane åt der og sovna på bilen oppatt.
Geir var utsleten etter båtdåpen vi var på laurdag, so han la seg for å slappe av litt. Men aldri før har han vore so populær blant ungane, dei hang på han so han fikk ikkje blunda særlig. Båtdåpen var veldig artig, og eg blei stolt når dei under tala takka "Geir and his crew for a really good job" :) Flinke mann eg har!:)
Herlig ver i ferien! Søte guten vår!:)
Og prinsessa :)
Vi var i Honndalen torsdag ettermiddag til laurdags formiddag. Fredag tok vi turen på hytta. Vi fyrte opp, og etterkvart fekk vi litt varme. Vi grilla pølser og kosa oss. Ingrid gjekk fyrste delen av turen på ski, men hoppa etterkvart over på rattkjelken. Henrik blei dradd opp på kjelke av "besten".
Varming foran ovnen. Sjekk Ingrid som kosar med navlen sin. En litt sær ting som ho har dreve med sia ho var temmelig lita. Festlig.
Skigåing på platten....
:)
Rakk også å treffe barndomsvenninnene mine i H.dalen. Kjekt å sjå både Anne Marte, Anne Lise og Helga Renate igjen.
No er den harde kvardag tilbake igjen, og det blir noken travle veker på jobb før påskeferien. Det skal planleggast og gjennomførast foreldresamtalar og elevsamtalar, pluss at elevane skal ha nokre store prøver som skal rettast. Jaja, sånn er livet- vertfall lærarlivet :) Ha ei fin veke folkens!