Det er so deilig no når snøven sakte, men sikkert forsvinn frå plenen. I dag skine sola og vi har vore ute å leika oss. Geir har et prosjekt som må bli ferdig før han kan ta påskeferie, so han jobbar i dag og. I påska skal vi vere litt her og litt der sånn som vanlig. Vi blir heime nokre dagar før vi reiser en tur i H.dalen og forhåpentligvis hytta etterkvart. Neste helg skal vi i 60 års dag til Geir si tante, so då blir det Fiskå-helg. Ei veke går so fort..... Gjer seg vertfall med ferie no. Eg er litt sleten etter alle kontaktmøta på jobb, og Ingrid er sleta etter å ha vore i barnehagen igjen etter sjukdom.
Er jammen ikkje lenge til vi skal i bryllup til Stein og Elisabeth heller, no begynne eg å telle ned til den store dagen 22.mai :) Blir so flott atte!
Sia sist har det skjedd litt av kvart. Vi har vore på leikeland, babybesøk, påskefest i b.hagen og bursdagsfeiring i Stryn. Her kjem nokre glimt:
Henrik slappar av med restar av påskegodtet etter å ha vore ute å leika. Han er blitt veldig flink til å prate no. I barnehagen får han mykje skryt for å vere tidlig, spesielt motorisk, men også språklig.
Ingrid har pynta opp krona som dei laga til påskefesten i barnehagen og er god fornøgd med eigen innsats.
I går kveld kom påskeharen innom. Han hadde laga til ei "leite-løype" som ungane måtte gå før dei fann dei gøymde påskeegga. Stor stas!:)
Det er minimalt med påskepynt her i heimen, det er stort sett det som Ingrid har produsert som pyntar opp. Her pyntar ho ei grein som eg fekk av ein kollega med små påskeegg. Blei stilig!
Forrige helg var vi på hytta til Ole T.Hovden og co og feira en noke forsinka 30 års dag for Bjørn Ove. Det var Ida som sto bak forslaget og Bjørn Ove visste ingenting før han kom. Det var ei veldig kjekk helg med gode vennar. Ingrid og Henrik var igjen i H.dalen med besta og besten.
Hovden er ein konge på kjøkkenet!
Her er vi på leikeland. Ungane leika seg fint og Henrik tok store sklia aleine--galning!:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar