Det er ikkje kvar helg vi er heime, det har dei fleste sikkert skjønt. Denne helga skulle vi på Bjorli ilag med Karl Idar og Nina med familie, men det kunne vi desverre ikkje likevel. Henrik har hatt feber, vore slapp og uten matlyst sidan før forrige helg. Han har vore litt heime denne veka, og vi var til legen med han for å finne ut kva det kunne vere. Det var berre ein eller annan virusinfeksjon, so var berre å vente tolmodig på bedring. I går kom matlysta so smått tilbake, og vi ser at det går rette vegen.
Vi fekk nabokatten på besøk i dag, til stor glede for ungane! Geir håpa at dei styra sånn med katten at han blei skremd vekk frå å kome hit å legge igjen ekskrementa sine igjen, hehe!
I dag var Ingrid også i den fyrste barnhage-venninne bursdagen. 7 jenter og 3 gutar var samla, og det var stor stas! Der var både pølse med brød, gele, sjokoladepudding, is, kaker og godtepose. Kan det bli bedre??!:)
I morgon skal eg og Ingrid i kyrkja og opptre med familiekoret. Vi har ikkje vore på so kjempe mange øvingar so eg er no spent på om vi hugsa tekstane. Spennande blir det vertfall. Og til alle som har høyrt meg synge: Eg skal ikkje synge so høgt at eg øydelegge for koret ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar