Vi avslutta ferien i går med å feire Bjørn sin bursdag i Hovdebygda. Der var vi, Stein og co og Gudveig og Odd Inge. Ingrid gledde seg veldig til å treffe Eva igjen. "E berre ELSKA Eva" proklamerte ho før avreise :) Ungane leika seg veldig fint ilag.


Lisje søte Emma!

Vi blei der inne heilt til kvelds, so ungane åt der og sovna på bilen oppatt.

Geir var utsleten etter båtdåpen vi var på laurdag, so han la seg for å slappe av litt. Men aldri før har han vore so populær blant ungane, dei hang på han so han fikk ikkje blunda særlig. Båtdåpen var veldig artig, og eg blei stolt når dei under tala takka "Geir and his crew for a really good job" :) Flinke mann eg har!:)

Herlig ver i ferien! Søte guten vår!:)

Og prinsessa :)

Vi var i Honndalen torsdag ettermiddag til laurdags formiddag. Fredag tok vi turen på hytta. Vi fyrte opp, og etterkvart fekk vi litt varme. Vi grilla pølser og kosa oss. Ingrid gjekk fyrste delen av turen på ski, men hoppa etterkvart over på rattkjelken. Henrik blei dradd opp på kjelke av "besten".

Varming foran ovnen. Sjekk Ingrid som kosar med navlen sin. En litt sær ting som ho har dreve med sia ho var temmelig lita. Festlig.

Skigåing på platten....

:)
Rakk også å treffe barndomsvenninnene mine i H.dalen. Kjekt å sjå både Anne Marte, Anne Lise og Helga Renate igjen.
No er den harde kvardag tilbake igjen, og det blir noken travle veker på jobb før påskeferien. Det skal planleggast og gjennomførast foreldresamtalar og elevsamtalar, pluss at elevane skal ha nokre store prøver som skal rettast. Jaja, sånn er livet- vertfall lærarlivet :) Ha ei fin veke folkens!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar