onsdag 7. april 2010

Gode jentene!:)

Fredag hadde vi venninnene frå Eid vidaregåande treff med Ann Serine. Ikkje alle kunne kome, men vi blei en god gjeng likevel. Det er rart å tenke på at det er 10 år sidan vi var russ ilag. Føle ikkje det er so lenge sia vi susa rundt i Vorsbilen vår og gjorde mykje sprell :) Jammen var det kjekt på vgs., og jammen er det kjekt at vi fortsatt klara å treffe kvarandre eit par gongar i året. Denne gongen var også ungane våre med. Artig å sjå kor dei vekse til og bli berre søtare og søtare. Veldig koselig å sete å småprate med (dei no voksne)snuppene mine igjen og ;)
Her er Nemine (med ryggen til) som er jenta til Katrine, Nicolas i vippestolen og Noah i stripette genser er gutane til Ann Serine, Balder som set ved sida av Noah er guten til Siri Anette, Ingrid er på plass, men Henrik var for opptatt med leikekjøkkenet til å bli med på bilde. Guten til Åshild, Trym, set i bilstolen, og Kaja med hjerte på kjolen er jenta til Hilde.

Vi laga litt mat kvar og hadde med. Blei en herlig lunsj :) Hilde bur på Eid, Katrine i Skien, Mari i Bodø, Åshild i Ålesund, Siri Anette i Trondheim og Ann S på Eid. Litt her og der altso :)

Herlig å sjå kor ungar leikar seg ilag likevel om dei ikkje kjenner kvarandre!

Sidan vi skulle rett til Fiskå etter besøket var Geir med. Han kjenner Frode (mannen til Ann Serine) frå då dei også budde i Ålesund, so det passa fint. Her er guttegjengen i stova å leika med "store-leikane".

Nemine og Katrine

Siri og Balder beundrar Trym.

1 kommentar:

Anonym sa...

va SÅ koselig å sjå alle sammen igjen! og herlig med en leikedate for ungane, begynne bli et par av dei no! kjekt! håpe det ikkje blir lenge til. Klem fra Katrine og Nemine:)