søndag 25. april 2010

Honndalsbesøk

Denne helga hadde mamma og pappa avløysar og kunne ta seg ein weekend her med oss. Dei kom fredagskveld og var til søndagsettermiddag. Mamma er ganske fornøgd med besøksfrekvensen sin her no, ho var her for 14 dagar sidan og ligge no på eit snitt på ein gong i månaden. Skulle berre mangle seie eg ;) Vertfall kjekt for både små og store å ha besøk av dei.

Laurdag var vi litt på shopping, men mest berre heime og slappa av og kosa oss.

Søndag (i dag) gjekk turen til Alnes fyr. Begge ungane ville sete på med "besten", so eg og Geir hadde en rolig biltur :)
På kafeen kjøpte vi oss vafler, sveler, is, brus og kaffi.


So gjekk turen vidare til sjølve fyret. Der var det kunstutstilling nede.

Og mange trapper for å kome til toppen.


Fin utsikt frå toppen.


Turen vidare gjekk rundt Valderøya før vi reiste heim og laga tacos før mamma og pappa skulle i H.dalen igjen. Flott tur, og neste gang vi skal ut skal vi kle oss enda betre slik at vi kan gå litt meir ute og sjå.

I kveld skal vi legge oss tidlig, for vi er jo ikkje vand med å vere oppe til over midnatt slik vi var i helga ;)

Ingen kommentarer: