Fredag var det ryddedugnad i Bjørkavågen, og som en av medlemmane i grendalaget stilte eg sjølvsagt opp. Ilag med Ingrid, i et ufyselig ver..... Eg fikk ansvar for å plante opp i potter som skulle hengast på postkasse-stativa rundt om, so det var i grunn grett.
Laurdag var det hekkplanting som sto på agendaen. Tom (naboen) og Geir var å handla Smaragd tuja etter jobb fredag, og fekk den raskt opp laurdag mellom to regn/haglbyger. Resultatet blei bra til hekk å vere.
Ungane kosa seg ute medan karane jobba og eg såg på.
Sparkesyklane er veldig populære, og Henrik er no begynt å få skikkelig dreisen på det.
Nina inviterte oss til å kome på overnatting. Det er lenge sia vi har vore på besøk med dei no, men ungane fann fort tonen igjen. Det blir alt for sjelden besøk i ein travel kvardag. Føle det er noko som skjer heile tida... Men no har eg lovd meg sjølv at vi skal bli flinkare å treffast!
Kjekt besøk for både små og store!
Marius hadde sett tivoli i byen laurdag, so i løpet av oppholdet vårt bestemte han og Ingrid seg for at dei skulle på tivoli søndag. Er ikkje kvar dag det er tivoli i byen, so dei fekk viljen sin.....
Har også endelig fått besøkt lille Ingeborg, jenta til Jenny denne veka. På grunn av Rota-viruset har ikkje eg turt å reise dit før. Ho var so søte og snille atte! Nydelig lita jente :)
Ha ei super veke folkens!:) Det er nærma seg sommar for kvar dag som går!!!! Berre vi får litt varme no, so blir det her flott.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar