Som flittig medlem av grendalaget her har det vore ei hektisk helg med arrangering av sykkeldag for bygda. Eg har baka to kaker+ rundstykker, og eg har ordna kiosk og stått i kiosk, og eg har vore premieutdelar. Ikkje småtteri asso :) Litt festlig at eg plutselig er der liksom. Dagen i dag starta so fint med strålande sol, men den forsvann til sjølve sykkelopplegget skulle starte kl tolv. Då skya det til og blei ganske so kaldt. Etter to timar begynte det faktisk å snøve!!!! Då var det på tide å ha premieutdeling og få pakka oss saman. Det var mange oppmøtte trass heller dårlig ver. Ingrid og Henrik deltok i kvar si bane, Ingrid på tohjul, og Henrik på trehjulsykkel. Der var fleire frå barnehagen so det var stor stas.
Ingrid er i gang!!:)
Ellers denne helga har Geir måla rekkverket på oppsida av huset, og eg har vore på blåtur med jobben. Vi enda opp på toppen av skiheisa i Spjelkavika. Eg må sei det igjen, eg har noken fantastiske kollega, en kjempe gjeng!!:) Skulle gjerne ha lagt ut bilder av dei her, men rekna med eg hadde fått høyrt det då....
Ingrid har vore mykje med både nabojenta og med ei barnehagevenninne. Merka at ho syns det er veldig svært å gå på besøk aleine, og få ha besøk aleine. Ei ny fase er starta. Henrik styre seg som han alltid gjer. Fortsatt er det traktor og brannbilen som er det sværaste. I tillegg til Brannmann Sam som no har konkurrert ut Postmann Pat.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar